David Live
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Live Konsertalbum av David Bowie |
||
Utgjeve | 29. oktober 1974 | |
Innspelt | Tower Theatre i Philadelphia i USA 8.-12. juli 1974. |
|
Sjanger | Glamrock og soul | |
Lengd | 80:37 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Diamond Dogs (1974) |
David Live | Young Americans (1975) |
David Live er eit konsertalbum av den britiske musikaren David Bowie frå 1974 og det første konsertalbumet hans. Det vart spelt inn under den amerikanske delen av Diamond Dogs-turnéen i 1974. Dette var andre del av turnéen, etter at Bowie hadde ein pause for å spele inn musikk for albumet Young Americans, starta han turnéen på nytt, men kalla han Philly Dog-turnéen.
Albumet viste Bowie sin overgang frå Ziggy Stardust-perioden til «plastikksoul»-perioden hans på Young Americans. Sjølv omslaget viste Bowie i «soul-klede» - ein kvit dress - var det framleis fleire songar frå 1972-1973 perioden. Turnéen var Bowie sin mest ambisiøse til då, og hadde ei gigantisk kulisse som skulle frambringe «Hunger City», den postapokalyptiske settingen på Diamond Dogs, og eit band leia av Michael Kamen. På songen «Space Oddity» song Bowie songen inn i ein mikrofon forma som ein telefon, medan han sat i ein stol som vart løfta ut over publikum. Ein av dei første rockumentarane gjennom tidene vart filma av Alan Yentob, Cracked Actor for BBC.
Det viste seg å vere vanskelig å spele inn musikken på band, og koristane måtte spelast inn på nytt i studio i etter kant (som det står på omslaget). Musikarane vart i tillegg opprørt då dei fann ut at dei ikkje kom til å få ekstra betaling for konsertinnspelinga, noko Bowie hjalp til med å fikse. Det ferdige albumet har vore kritisert for at Bowie omarrangerte alle dei eldre songane, og for at han har ei noko anstrengd vokal. Kvaliteten på det musikalske har òg fått kritikk, trass i at anerkjende musikarar som Michael Kamen, Earl Slick og David Sanborn, i tillegg til Herbie Flowers, Mike Garson og Tony Newman var med på plata. Enkelte songar fekk derimot mykje ros, som jazz-latin-utgåva av «Aladdin Sane» og dei nye, atmosfæriske instrumentalbitane i «The Width of a Circle». Albumer er òg kjend for å ha Bowie si første utgjeving av songen «All the Young Dudes».
Bowie har seinare kommentert at dette var den definitive avsluttinga av Ziggy, og at han på omslaget såg ut som han akkurat hadde stått opp frå dei døde. På bakgrunn av dette sa han at albumet eigentleg burde heite «David Bowe is Alive and Well and Living Only in Theory» (ein referanse til Jacques Brel, som Bowie hadde spelt songar av) David Live klatra til andreplass på den britiske albumlista, og til åttandeplass i USA. Songen «Knock on Wood» vart gjeve ut på singel, og nådde tiandeplass i Storbritannia. I 2005 vart albumet gjeve ut på nytt med den komplette songlista frå dei originale konsertane, i tillegg til at plata var miksa på nytt av Tony Visconti. Mange meinte at dette var ei betre utgåve enn den originale.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
Alle songane er skrive av Bowie, borsett frå der andre er nemnd.
- «1984» – 3:20
- «Rebel Rebel» – 2:40
- «Moonage Daydream» – 5:10
- «Sweet Thing/Candidate/Sweet Thing (Reprise)» – 8:48
- «Changes» – 3:34
- «Suffragette City» – 3:45
- «Aladdin Sane» – 4:57
- «All the Young Dudes» – 4:18
- »Cracked Actor» – 3:29
- «Rock 'n' Roll With Me» (Bowie, Warren Peace) – 4:18
- «Watch That Man» – 4:55
- «Knock on Wood» (Eddie Floyd, Steve Cropper)– 3:08
- «Diamond Dogs» – 6:32
- «Big Brother/Chant of the Ever-Circling Skeletal Family» – 4:08
- «The Width of a Circle» – 8:12
- «The Jean Genie» – 5:13
- «Rock 'n' Roll Suicide» – 4:30
[endre] Andre utgåver
Albumet har vore gjeve ut att på nytt to gonger så langt. Den første gongen var i 1990 av Rykodisc (med to bonusspor og Bowie sin bandintroduksjon) og den andre gongen i 2005 av EMI med to ekstra bonusspor, og ei anna rekkefølgje på songane der bonusspora var sett inn på dei korrekte plassane. I tillegg var plata miksa på nytt av Tony Visconti. Denne utgåva var derimot kopiverna i Europa med CDS 200.
[endre] Bonusspor på 1990-utgåva
- Band Intro – 0:09
- «Here Today, Gone Tomorrow» (Leroy Bonner, Joe Harris, Marshall Jones, Ralph Middlebrooks, Dutch Robinson, Clarence Satchell, Greg Webster) – 3:32
- «Time» – 5:19
[endre] Innhald på 2005-utgåva
- «1984» – 3:20
- «Rebel Rebel» – 2:40
- «Moonage Daydream» – 5:10
- «Sweet Thing» – 8:48
- «Changes» – 3:34
- «Suffragette City» – 3:45
- «Aladdin Sane» – 4:57
- «All the Young Dudes» – 4:18
- «Cracked Actor» – 3:29
- «Rock 'n' Roll with Me» – 4:18
- «Watch That Man» – 4:55
- «Knock on Wood» – 3:08
- «Here Today, Gone Tomorrow» – 3:32
- «Space Oddity» (bonusspor) – 6:27
- «Diamond Dogs» – 6:32
- «Panic in Detroit» (bonusspor) – 5:41
- «Big Brother» – 4:08
- «Time» – 5:19
- «The Width of a Circle» – 8:12
- «The Jean Genie» – 5:13
- «Rock 'n' Roll Suicide» – 4:30
- Bandintroduksjon – 0:09
[endre] Medverkande
- David Bowie: Vokal
- Earl Slick: gitar
- Herbie Flowers: bass
- Mike Garson: piano, mellotron
- Michael Kamen: Elektrisk piano, moogsynthesizer, obo
- Tony Newman: Trommer
- Gui Andrisano: korist
- Warren Peace: korist
- Pablo Rosario: Perkusjon
- David Sanborn: Saksofon, fløyte
- Richard Grando: Saksofon, fløyte
- Tony Visconti: Produsent
[endre] Kjelder
- Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record
- David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story
- Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie
David Bowie |
---|
Diskografi |
Studioalbum |
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality |
Med Tin Machine |
Tin Machine | Tin Machine II |
Konsertalbum |
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com |
Filmmusikk |
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia | |
Tilknytta artiklar |
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop |