Diamond Dogs
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diamond Dogs Studioalbum av David Bowie |
||
Utgjeve | 24. april 1974 | |
Innspelt | Olympic og Island Studios, London Ludolf Studios, Hilversum i Nederland |
|
Sjanger | Rock, Glamrock | |
Lengd | 38:25 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Pin Ups (1973) |
Diamond Dogs | David Live (1974) |
Diamond Dogs er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1974. Tematisk var albumet ei blanding av romanen 1984 av George Orwell og Bowie si eiga soge om ei postapokolyptisk verd. Bowie planla og byrja på ein musikal basert på Orwell si bok, og byrja å skrive songar for prosjektet etter han hadde spelt inn albumet Pin Ups i 1973, men han fekk ikkje rettane til å utføre prosjektet. [1] Songane endte i staden opp på albumet Diamond Dogs året etter.
Sjølv om albumet vart spelt inn og gjeve ut etter at Bowie «pensjonerte» Ziggy Stardust i midten av 1973, og hadde ein ny frontfigur i Halloween Jack, så var Ziggy framleis til stades, noko ein kan sjå frå mellom anna Bowie sin frisyre på omslaget. I tillegg vidareførte singelen «Rebel Rebel» glamrocken frå dei førre albuma.[1] Enkelte songar på albumet var òg inspirert av The Rolling Stones, særleg tittelsporet.[2] På andre songar hadde derimot Bowie flytta seg vidare frå den tidlegare glamrock-stilen sin, som på det episke musikkstykket «Sweet Thing»/«Candidate»/«Sweet Thing (Reprise)», medan «Rock 'n' Roll with Me» og den Shaft-inspirerte wah-wah gitarstilen på «1984» gav ein forsmak på Bowie sin neste plastikk soul-periode.
Diamond Dogs vart det første Bowie-albumet sidan 1969 der ingen av medlemmane frå Spiders from Mars spelte. I staden spelte Herbie Flowers bass, medan Aynsley Dunbar og Tony Newman spelte trommer. Noko som overraska mange var at Bowie sjølv tok på seg rolla som sologitarist, noko Mick Ronson hadde gjort tidlegare. Musikkjournalistar har skildra gitarstilen hans på plata som ujamn, rusten og nesten amatøraktig, noko som gav plata det karakteristiske lydbilete. [3] Diamond Dogs var og første plata sidan 1970 der Tony Visconti medverka. Han hjalp til med arrangement for strykarane og med miksinga av albumet. Resten av tiåret var Tony Visconti med som produsent på Bowie sine plater.
Plata var Bowie sin glam-svanesong, og i følgje forfattaren David Buckley var det typisk for Bowie, at han hoppa av glamrock-bølgja like før ho glei over til å bli sjølvparodisk. [1] Albumet nådde førsteplass i Storbritannia og femteplass i USA, men har vorte kritisert for å vere for røff i kantane med for pretensiøst tema. Bowie sine råe gitarstil og syn om urbant kaos har derimot vorte annerkjend for å komme pønkrocken i forkjøpet. [4]
Plateomslaget viser ein figur som er halvt hund og halvt Bowie, malt av Guy Peellaert. Bilete var derimot kontroversielt sidan det viste kjønnsorganet til hunden. Eit par eksemplar av plata kom ut i butikkane med dette omslaget, før kjønnsorganet vart fjerna på alle andre utgåver. Dei usensurerte utgåvene vart raskt eit samleobjekt, og allereie i 1974 gjekk desse for rundt $1000. Bowie spelte dei fleste songane på den påfølgjande turnén (som er å høyre på David Live) og enkelte på Station to Station-turnéen i 1976, men bortsett frå «Rebel Rebel» har få av songane vorte spelt på konsertar etter dette.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
Alle songane er skrive av David Bowie, borsett frå der anna er skrive.
- «Future Legend» – 1:05
- «Diamond Dogs» – 5:56
- «Sweet Thing» – 3:39
- «Candidate» – 2:40
- «Sweet Thing (Reprise)» – 2:31
- «Rebel Rebel» – 4:30
- «Rock 'n' Roll With Me» (Bowie, Warren Peace) – 4:00
- «We Are the Dead» – 4:58
- «1984» – 3:27
- «Big Brother» – 3:21
- «Chant of the Ever Circling Skeletal Family» – 2:00
[endre] Andre utgåver
Diamond Dogs har vore gjeve ut på nytt tre gonger. Den første gongen var i 1990 av Rykodisc (med to bonusspor), den andre gongen i 1999 av EMI (med nymastra digitallyd, men utan bonusspor), og den siste i 2004 som 30th Anniversary Reissue der det var med ein heil bonusdisk. Ein tidleg instrumentalversjon av «Sweet Thing» kalla «Tragic Moments» skulle opphavleg med på denne bonusplata, men har framleis ikkje vorte gjeve ut.
[endre] Bonusspor på 1990-utgåva
- «Dodo» (Tidlegare ikkje gjeve ut, spelt inn i 1973) – 2:53
- «Candidate» (Demoutgåve, spelt inn 1973) – 5:09
[endre] Bonunsplate frå 2004
- «1984/Dodo» (spelt inn 1973) – 5:29
- «Rebel Rebel» (amerikansk singelutgåve frå 1974) – 3:00
- «Dodo» (spelt inn 1973) – 2:53
- «Growin' Up» (Bruce Springsteen) (Spelt inn 1973) – 2:25
- «Candidate» (Demoutgåve, spelt inn 1973) – 5:09
- «Diamond Dogs» (K-Tel Best of Bowie edit, 1980) – 4:41
- «Candidate» (Intimacy mix) – 2:58
- «Rebel Rebel» (2003 mix) – 3:09
[endre] Medverkande
- David Bowie – vokal, gitar, saksofon, Moog-synthesizer, Mellotron
- Mike Garson – tangentinstrument
- Herbie Flowers – bass
- Tony Newman – trommer
- Alan Parker – gitar på «1984»
- Aynsley Dunbar – trommer
- Tony Visconti – strykarar
[endre] Merknadar
David Bowie |
---|
Diskografi |
Studioalbum |
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality |
Med Tin Machine |
Tin Machine | Tin Machine II |
Konsertalbum |
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com |
Filmmusikk |
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia | |
Tilknytta artiklar |
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop |