Low
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Low Studioalbum av David Bowie |
||
Utgjeve | 14. januar 1977 | |
Innspelt | Château d'Hérouville i Pontoise i Frankrike Hansa Studio ved Berlinmuren i Vest-Berlin, 1976 |
|
Sjanger | Rock, Art Rock, Krautrock | |
Lengd | 38:48 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | David Bowie og Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Station to Station (1976) |
Low | "Heroes" (1977) |
Low er eit album av den britiske artisten David Bowie frå 1977, og vert rekna som eit av hans viktigaste album. Albumet er det første i den såkalla «Berlintriologien», ei rekkje samarbeid i lag med Brian Eno. Mykje av albumet vart likevel spelt inn i Frankrike, og berre miksa i Vest-Berlin. Den eksperimentelle og avantgarde stilen vart utforska vidare på albuma "Heroes" og Lodger. Arbeidstittelen på albumet var New Music Night and Day.
Etter Station to Station byrja Bowie igjen å interessere seg for kusnt. Bowie hadde lenge vore avhengig av kokain, men hadde no kvitta seg med problemet, og songane på Low omhandlar vanskelege tema. Mange av songane omhandlar apati, depresjon, fråskilling eller sjølvøydeleggjing. Formatet på albumet var unikt då det kom ut. Side ein innehaldt korte og direkte songar, medan side to innehaldt lengre og stort sett instrumentale songar. Mange meiner at Eno hadde mykje å gjere med instrumentalsida, men ha er berre kredittert på songen «Warszawa».
Sjølv om musikken var inspirert av tyske band som Kraftwerk og Neu!, har Low vorte hylla for å vere original og føre si tid, ikkje minst på grunn av den hule trommelyden som produsent Tony Visconti fekk til. Albumet inspirerte mange sjangrar som seinare utvikla seg, som post-punk, New Wave og industriell musikk. Ikkje berre påverka albumet desse stilartane, men det at ein artist som Bowie hadde eksperimentert med desse sjangrane gjorde at andre artistar innan desse sjangrane vart meir respektable.
Fleire av songane til albumet lagde Bowie opphavleg som filmmusikk til The Man Who Fell to Earth. På grunn av dårleg tid og stress fekk ikkje Bowie gjort ferdig musikken før filmen skulle ha premiere, så enkelte delar vart i staden brukt på Low. Plateomslaget er eit stillbilete frå filmen. Bilete viser Bowie frå sida, i profil, med tittelen «Low» like over hovudet. Det var meininga at dette skulle vere eit ordspel som tyda «low profile» (låg profil).
Albumet fekk svært variert anmeldingar då det kom ut, og vart både hylla og slakta. NME måtte til og med trykka to anmeldingar av plata, der den eine journalisten gav albumet toppkarakter, medan han andre gav plata det dårlegaste. Etter kvart har albumet derimot segla opp som eit av dei mest kritikarroste albumet gjennom tidene, og hamnar ofte høgt på diverse albumkåringar. [1] [2][3]
Philip Glass laga i 1992 eit klassisk album, Low Symphony, basert på Low, med hjelp av Bowie og Eno. .
Low nådde andreplass på albumlista i Storbritannia og ellevteplass i USA. To songar vart gjeve ut på singel, «Sound and Vision» og «Be My Wife», som nådde tredjeplass i Storbritannia.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
Alle songar er skriven av Bowie, bortsett frå der andre er nemnd
- «Speed of Life» – 2:46
- «Breaking Glass» (Bowie, Davis, Murray) – 1:52
- «What in the World» – 2:23
- «Sound and Vision» – 3:05
- «Always Crashing in the Same Car» – 3:33
- «Be My Wife» – 2:58
- «A New Career in a New Town» – 2:53
- «Warszawa» (Bowie, Eno) – 6:23
- «Art Decade» – 3:46
- «Weeping Wall» – 3:28
- «Subterraneans» – 5:39
[endre] Nye utgåver
Albumet har vorte gjeve ut tre gonger på CD. Den første gongen i 1984 av RCA Records, den andre i 1991 av Rykodisc (med tre bonusspor), og den tredje gongen i 1999 av EMI (med nymastra digitallyd og utan bonusspor).
[endre] Bonusspor 1991
- «Some Are» (tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:24
- «All Saints» (tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:25
- «Sound and Vision» (1991 remix av David Richards) – 4:43
[endre] Medverkande
- David Bowie – vokal, gitar, pumpebass, saksofon, xylofon, vibrafon og munnspel, perkusjon, tangentinstrument: ARP synthesizer, piano, chamberlin
- Brian Eno – vokal, splinter minimoog, report ARP, gitarhandsaming, piano, chamberlin, andre synthesizerar
- Carlos Alomar – rytmegitar
- Dennis Davis – perkusjon
- George Murray – bass
- Ricky Gardiner – gitar
- Peter Himmelman – piano, ARP synthesizer
- Mary Visconti – korist
- Iggy Pop – kor på «What in the World»
- Eduard Meyer – cello
- Roy Young – piano, Farfisa orgel
David Bowie |
---|
Diskografi |
Studioalbum |
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality |
Med Tin Machine |
Tin Machine | Tin Machine II |
Konsertalbum |
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com |
Filmmusikk |
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia | |
Tilknytta artiklar |
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop |