Space Oddity
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Space Oddity Studioalbum av David Bowie |
||
Utgjeve | 4. november 1969 | |
Innspelt | Trident Studios i London juni-september 1969 | |
Sjanger | Folkrock, progressiv rock | |
Lengd | 45:13 | |
Selskap | Philips (Europa) Mercury (USA) Rykodisc Ny utgåve 30. januar 1990 |
|
Produsent | Tony Visconti Gus Dudgeon |
|
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
David Bowie (1967) |
Space Oddity | The Man Who Sold the World (1970) |
Space Oddity er eit musikkalbum av den britiske musikaren David Bowie frå 1969. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia av Philips som David Bowie og av Mercury i USA som Man of Words/Man of Music. I 1972 gav RCA Records ut albumet på ny med tittelen Space Oddity, som er namnet som vert brukt i dag. Plata er ei blanding av folkrock, balladar og progrock, og NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt om det at «noko av det høyrde til 1967, noko av det til 1972, men i 1969 verka det upassande. I hovudsak kan ein sjå på albumet i dag som alt Bowie hadde vore og lite av det som skulle kome, alt er rota i saman, der han kjempar for å få kontroll...»[1]
Albumet vert i hovudsak rekna for det første skikkelege Bowie-albumet, og det første som plateselskapa tykte det var verdt å gje ut att på nytt. Fleire kjende musikarar spelte på albumet, inkludert Herbie Flowers, Tim Renwick, Terry Cox og Rick Wakeman, i tillegg til cellisten Paul Buckmaster, multiinstrumentalist og plateprodusent Tony Visconti og Moody Blues-bassist John Lodge. Før resten av albumet vart spelt inn, var allereie songen «Space Oddity» gjeve ut på singel.[2] Tony Visconti såg på singelen som ei «barneplate», og lot Gus Dudgeon ta seg av produseringa.[3] Visconti produserte derfor resten av songane på albumet, bortsett frå det som seinare vart tittelsporet på plata.
Tittelsporet vert rekna som ein av Bowie sin mest kjende songar[4], og var hovudsakleg akustisk med skumle tonar laga på ein Stylophone, eit slags lommeorgel. Tittelen og emnet i songen var inspirert av Stanley Kubrick sin film 2001: A Space Odyssey og introduserte karakteren Major Tom. Enkelte har sett på songen som ein metafor for heroinbruk, der nedtellinga i introen tilsvarar heroinet som går gjennom nåla.[5] Hitten «Ashes to Ashes» frå 1980 erklærte at «We know Major Tom's a junkie».
«Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» virka sterkt påvirka av Bob Dylan med munnspel, skarp gitarlyd og snerrande vokal. «Letter to Hermione» var ein farvelballade til Bowie sin tidlegare kjæraste, Hermione Farthingale, som òg vart omtala i «An Occasional Dream», ei neddempa vise, som kunne vore på debutalbumet David Bowie. Farthingale forlot Bowie til fordel for ein dansar frå Bergen.
«Cygnet Committee» er songen som kanskje mest peikar framover mot dei framtidige platene til Bowie. Hovudkarakteren i songen er ein som «bryt ned barrierar for sine unge tilhengjarar, men finn ut at han berre gav dei ein mogelegheit til å avvise og øydeleggje han».[6] Bowie sjølv skildra songen som noko ein hippie kunne ha laga, som var klar til å følgje kva for karismatisk leiar som helst.
«Wild Eyed Boy from Freecloud» var inspirert av buddhisme med stort orkester, i staden for den originale gitar- og celloversjonen som var b-sida til «Space Oddity»-singelen. Dette var òg første gong Mick Ronson spelte gitar på ei Bowie-plate, sjølv om han ikkje er kredittert for dette på omslaget. [7]
«Memory of a Free Festival» var Bowie sine minner om ein kunstfestival han organiserte i august 1969. Den lange slutten på songen («The Sun Machine is coming down / And we're gonna have a party») vart samanlikna med The Beatles sin «Hey Jude». Songen er òg tolka som ein hånleg kommentar til motkulturen han tilsynelatande lovprisa. [8] I 1970 delte Bowie songen i to og gav dei ut som a- og b-side til ein meir rocka versjon av songen, spelt inn av bandet han hadde med seg på The Man Who Sold the World som kom seinare på året: Mick Ronson, Tony Visconti og Mick Woodmansey - ei tidleg utgåve av bandet Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.
Sjølv tittelsporet hadde gått heilt til femteplass i Storbritannia tidlegare på året, vart det lite på plata som elles minna om denne songen, og albumet selde dårleg. Etter at Bowie slo igjennom med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972, klatra derimot albumet til 17. plass i Storbritannia, og 16. plass i USA.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
Alle songar er skrive av David Bowie.
- «Space Oddity» – 5:14
- «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» – 6:10
- «Don't Sit Down» – 0:39
- «Letter to Hermione» – 2:30
- «Cygnet Committee» – 9:30
- «Janine» – 3:19
- «An Occasional Dream» – 2:56
- «Wild Eyed Boy from Freecloud» – 4:47
- «God Knows I'm Good» – 3:16
- «Memory of a Free Festival» – 7:07
«Don't Sit Down» vart tatt bort frå utgåva av Space Oddity som kom i 1972
[endre] Andre utgåver
I 1990 vart Space Oddity gjeve ut på CD med bonusspor, i tillegg til «Don't Sit Down», som på originalen.
Albumet vart igjen gjeve ut i 1999 av EMI, utan bonusspor men med nymastra digital lyd. «Don't Sit Down» vart derimot verande på albumet.
[endre] Bonusspor
- «Conversation Piece» (B-side til singelen «The Prettiest Star» frå 1970) – 3:05
- «Memory of a Free Festival Part 1» (Singelutgåve frå 1970) – 3:59
- «Memory of a Free Festival Part 2» (Singelutgåve frå 1970) – 3:31
[endre] Medverkande
- David Bowie – vokal, 12-strengsgitar, Stylophone, orgel
- Mick Wayne – gitar
- Tim Renwick – gitar, fløyte, blokkfløyte
- Keith Christmas – akustisk gitar
- John Lodge – bass
- Tony Visconti – bass, fløyte og blokkfløyte
- Herbie Flowers – bass
- John Cambridge – trommer
- Terry Cox – trommer
- Rick Wakeman – Mellotron, elektrisk cembalo
- Paul Buckmaster – cello
- Benny Marshall and Friends – munnspel
[endre] Merknadar
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.28
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.257
- ↑ David Buckley (1999). Ibid: p.36
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: p.197
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: p.198
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Ibid: p.29
- ↑ David Buckley (1999). Ibid: p.79
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: pp.141-2
David Bowie |
---|
Diskografi |
Studioalbum |
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality |
Med Tin Machine |
Tin Machine | Tin Machine II |
Konsertalbum |
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com |
Filmmusikk |
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia | |
Tilknytta artiklar |
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop |