Den polsk-litauiske realunionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
![]() |
|||
Offisielle språk | Polsk, latin | ||
Religion | Romersk-katolsk | ||
Hovudstad | Kraków (til 1596) Warszawa (frå 1596) |
||
Største by | Gdańsk, seinare Warszawa | ||
Statssjef | Kongen av Polen Storhertugen av Litauen |
||
Flatevidd | kring 1 millionar km² | ||
Folketal | kring 11 millionar | ||
Eksisterte | 1569–1795 |
Den polsk-litauiske realunionen (eller «Tonasjonsrepublikken», på polsk Rzeczpospolita Obojga Narodów; på litauisk, Žečpospolita; på latin, Regnum Serenissima Poloniae; på kviterussisk, Рэч Паспалі́тая) var ein føderal monarki-republikk samansett av Kongeriket Polen og Storfyrstedømet Litauen i 1569 som eksisterte til 1795.
Samveldet var eit framhald av Den polsk-litauiske unionen som var ein personalunion mellom dei to statane. Unionen hadde eksistert sidan 1386. Samveldet var eit av dei største i Europa og sto mot åtak frå Krossriddarordnane, mongolane, Russland, Det osmanske riket og Sverige i over to hundre år. Til sist vart landområdet oppdelt i tre steg mellom Tsar-Russland, Preussen og keisarriket Austerrike. I 1795 var heile landområdet delt. Polen og Litauen vart fyrst sjølvstendige statar att etter fyrste verdskrig i 1918.
[endre] Kart over grenser til ulike tider
Størst flatevidd (kring 1630) |
Tap fram til (1686) |
Den fyrste delinga (1772) |
Den andre delinga(1793) |
Den tredje delinga (1795). Polen var ikkje lenger eigen stat. |
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |