Eple
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eple |
||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekke: | Magnoliophyta | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Rosales | |
Familie: | Rosaceae | |
Slekt: | Malus | |
Vitskapleg namn | ||
Malus domestica | ||
Bork. |
Eple er frukta på epletreet (Malus spp.). Det tilhøyrer rosefamilien. Det finst over 7.000 ulike eplesortar som alle stammar frå det sure villeplet.
Modne eple kan vera raude, gule eller grøne. Eple vert ofte etne som frukt, men kan òg brukast i matlaging. Eplesafta vert brukt rein eller i enkelte drikker, som sider og calvados.
Eple blir mellom anna etne med honning under rosj hasjaná, den jødiske nyttårsfeiringa, som symbol på eit søtt nytt år.
[endre] Eple overalt
I tillegg til å skildra eplefrukta, har ordet «eple» òg blitt brukt om alle slags frukter på fleire europeiske språk. Dette har ført til at me har fleire epler i historiane våre enn me strengt tatt har dekning for. Den forbodne frukta som Adam og Eva åt av kallar me i dag gjerne eit eple, og den gule kveden som sådde splid mellom vakre greske gudinner er òg blitt til eit stridens eple.
I norrøn gudetru åtte Idun eple som haldt gudane unge, og eple går igjen som lækjande eller drepande frukter som i boka Draumen om Narnia eller eventyret om Snøkvit. Wilhelm Tell er kjend for å ha truffe eit eple på sonen sitt hovud, og vitskapsmannen Isaac Newton skal ha utvikla teorien sin om tyngdekrafta fordi han såg eit eple falla frå eit tre.
Jordeple er eit anna namn for potet, og appelsin tyder «kinesisk eple». Ordet finst òg i namna til mange andre frukter, som granateple.