Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flesberg kommune ligg nedst i Numedalen og grensar til Kongsberg, Øvre Eiker, Rollag, Sigdal i Buskerud fylke og Notodden og Tinn i Telemark. Han har fire tettstader: Lampeland, Svene, Flesberg og Lyngdal.
Kommunevåpenet er grønt med to tømmerklavar i sølv, og markerer skogdrifta i kommunen. I tillegg til skogen er jordbruk ein viktig næringsveg, det same er fjellområda med hyttefelt og moglege vinteraktivitetar. Moelven Treindustri og Norsk Fjellhus er dei største verksemdene i kommunen.
[endre] Stader å vitja