Hurum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0628 |
Fylke: | Buskerud |
Administrasjonssenter: | Klokkarstua |
Flatevidd: | 163 km² |
Folketal: | 8 781 (2004) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.hurum.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Roger Ryberg (Ap) 2003-2007 |
Hurum er ein heradskommune i Buskerud. Kommunen ligg på ei halvøy mellom Oslofjorden og Drammensfjorden, og grensar til Røyken kommune i nord. Administrasjonssenteret Klokkarstua ligg i innlandet, i Sandungsdalen, medan dei fleste andre tettstadane i kommunen, som Sætre, Tofte, Filtvet og Holmsbu, ligg langs kysten. Verd å nemne er òg plassen Verket, rett vest for Klokkarstua. Han er ei istidsavsetting som mesten stengjer Drammensfjorden.
Rundt 100 km² av flatevidda er produktiv skog, medan rundt ein tiendedel av landet vert nytta til jordbruk. Den 63 kilometer lange kystlina til kommunen har ein kyststi for turgåarar.
Innhaldsliste |
[endre] Industri
Den industrielle revolusjonen kom tidleg til Hurum, først med eit glasverk som vart bygd på slutten av 1700-talet. Nå har kommunen fleire hjørnesteinsverksemder, som Dyno Industrier, Norske Skogindustrier A/S, og Tofte Industrier.
[endre] Kommunikasjon
Hurum har lenge trukke til seg sommarturistar, men i den siste tida har folk utanfrå òg busett seg der fordi det er mogleg å pendla frå Hurum til storbyane Drammen og Oslo. Ein tunnel under Oslofjorden til Drøbak har gjort han betre tilgjengeleg.
I 1988 vedtok Stortinget å byggja hovudflyplass for Austlandet i kommunen, men dette vart omgjort i 1990 på grunn av risiko for skodde i området, og flyplassen vart i staden lagt til Gardermoen.
[endre] Øyar
Langs Hurumkysten finn ein òg fleire øyar og holmar med ein særskild flora og geologi. Fleire av desse er freda. Ei av øyane er Mølen, ein av dei få stadane i Noreg der det veks misteltein.
[endre] Verd å vitja
- Hurum kyrkje
- Holmsbu billedgalleri
[endre] Kjende Hurumbuar
- Målaren Henrik Sørensen
- Admiralen Iver Huitfeldt
[endre] Lenkjer ut
|