Krødsherad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0622 |
Fylke: | Buskerud |
Administrasjonssenter: | Noresund |
Flatevidd: | 374 km² |
Folketal: | 2.201 (2004) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.krodsherad.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Olav Skinnes (Bygdelista) 2003-2007 |
Krødsherad er ein kommune i Buskerud fylke som ligg ved Krøderen i Hallingdalen, og grenser til Ringerike, Flå, Sigdal og Modum. Ein som kjem frå Krødsherad blir kalla ein krylling.
Kommunen ligg 10 mil frå Oslo, og med strandlinje til Krøderen og høgfjell som Norefjell kan han skilta med både sjø, fjell og fin natur ikkje så langt frå hovudstaden. Dette har gjeve han ei sterk turistnæring og fleire til dels svært rike hytteeigarar. Som ein kontrast til dette har kommuneadministrasjonen lenge slite med dårleg økonomi, men kommunen har no fått budsjettet i balanse.
[endre] Politikk
Etter nærare 70 år med samanhengande arbeiderpartistyre fekk kommunen ordførar frå Tverrpolitisk bygdeliste ved kommunevalet i 2003.
[endre] Verd å vitja
- Krøderbanen, museumsjarnbane
- Kunstnerdalen i Buskerud
- Ringnes gard
- Villa Fridheim, eventyrmuseum
|