Sigdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0621 |
Fylke: | Buskerud |
Administrasjonssenter: | Prestfoss |
Flatevidd: | 842 km² |
Folketal: | 3530 (2004) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.sigdal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Knut Tore Eidal (Sp) 2003-2007 |
Sigdal er ein kommune i Buskerud fylke. Den grensar i nord mot Flå, i aust mot Krødsherad, i søraust mot Modum, i sørvest mot Flesberg, i sørvest mot Rollag, i vest mot Nore og Uvdal.
Kommunen er prega av høgfjell og dalar. Kring 72 % av kommunen er dekka av skog, 20% er fjell – vesentleg lågalpin sone. 4% av flatevidda er dyrka og om lag 4% er vatn og vassdrag. Til saman 842 km².
Innbyggjarane lever hovudsakleg av jord- og skogbruk og turisme.
Innhaldsliste |
[endre] Andersnatten
Dette kjende landemerket er både spennande og sagnomsust. Det karakteristiske fjellet har gjeve liv til både sagn og eventyr. Den kjende kunstnaren Theodor Kittelsen budde like ved, og han brukte fjellet som inspirasjon til sine mest kjende trollteikningar. I dag er Andersnatten ein ynda valfartsstad for eventyrlystne fjellklatrarar, og den bratte veggen er skildra som eit fjellklatrareldorado.
[endre] Lauvlia
Theodor Kittelsen er kjent for sine stemningsfulle malerie og eventyrteikningar av troll, dyr og landskap. Han budde saman med familien i Lauvlia som ligg vakkert til ved Soneren i Sigdal. Det var den vakre utsikta som gav han inspirasjon til sine malerie og teikningar. kunstnerhjem.net
[endre] Christian Skredsvig og Hagan
Her budde og arbeidde den kjende kunstnaren Christian Skredsvig (mellom anna kjend for maleriet «Gutten med seljefløyten») store delar av sitt liv. Staden har fantastisk utsikt over heile dalen, som med sin vakre natur har inspirert mange kunstnarar opp gjennom åra. Sjølve huset bærer preg av å vera ein kunstnarheim. Her står alle møblar og maleri intakt som då kunstnaren sjølv levde der. Her kan ein oppleva det særpreget og den sjarmen som gav han inspirasjon til sine måleri og bøker.
[endre] På verdsveven
- http://www.sigdal.no - Nettstad med nyhende og informasjon frå Sigdal
- kunstnerhjem.net
- Kommunefakta Buskerud frå Statistisk Sentralbyrå
|