Gro Harlem Brundtland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gro Harlem Brundtland (f. 20. april 1939) er ein norsk politikar og lege. Ho var den første kvinnelege statsministeren i Noreg.
Ho vart fødd i Bærum ved Oslo som dotter av statsråden og medisinsk professor Gudmund Harlem. Ho tok sjølv medisinsk embedseksamen ved Universitetet i Oslo i 1963 og sidan "Master of Public Health" ved Harvard-universitetet i Sambandsstatane (USA) i 1965.
Ho var miljøvernminister frå 1974 til 1979. Ho vart den første kvinnelege norske statsministeren då ho overtok etter Odvar Nordli og danna si første regjering frå februar til oktober 1981. Etter at regjeringa Willoch gjekk av etter eit kabinettspørsmål i mai 1986 danna ho si andre regjering som sat til oktober 1989. Då regjeringa Syse fall den 3. november 1990 danna ho si tredje regjering, som sat til 25. oktober 1996, då ho gjekk av og vart etterfylgd av Thorbjørn Jagland. Ho hadde allereie gått av som leiar av Arbeidarpartiet i 1992. Brundtland gjekk ihuga inn for norske EU-medlemskap, men tapte folkeavrøystinga om EU i 1994.
I 1998 vart ho vald til generaldirektør for Verdas helseorganisasjon (WHO). Brundtland mottok tittelen som Policy Leader of the Year for koordineringa av arbeidet mot SARS-utbrotet i 2003. Ho gjekk av frå stillinga sommaren 2003. Etterfylgjar vart Jong-Wook Lee. Brundtland lever no eit roleg liv i Frankrike.
Føregjengar: Odvar Nordli |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Kåre Willoch |
Føregjengar: Kåre Willoch |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Jan P. Syse |
Føregjengar: Jan P. Syse |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Thorbjørn Jagland |
Føregjengar: Hiroshi Nakajima |
Generaldirektør i WHO |
Etterfylgjar: Lee Jong-wook |
[endre] Sjå òg
- Regjeringa Brundtland I
- Regjeringa Brundtland II
- Regjeringa Brundtland III