Klima i Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klimaet i Noreg er overraskande temperert for eit land som ligg så pass langt nord, særleg viss ein samanliknar Noreg med andre landområde på same breiddegrad. Årsaka til dette er den varme Golfstraumen, som fører varmt havvatn nordover langs heile vestkysten av Noreg, i kombinasjon med vestavind.
Innhaldsliste |
[endre] Nedbør
Vestlandet er det våtaste området i heile Europa, og eit av dei våtaste områda i verda utafor tropane. Lågtrykka kjem ofte rett inn mot Vestlandet og fører med seg mykje mild og fuktig luft frå havet. Når ein i tillegg har orografisk heving langs Langfjella i Sør-Noreg, kan ein få svært våte forhold. Våtast er det i eit belte 50-60 km inn frå kysten. Målestasjonen med høgaste årleg nedbørsnormal er Brekke i Sogn og Fjordane med 3575 mm. Indre Matre i Kvinnherad har nedbørsrekorden for et døger med 229,6 mm. Denne vart nesten slått i november 2005 då det kom 223,0 mm på stasjonen Opstveit like ved. Desse stasjonane ligg midt i det nemnde nedbørsbeltet, og vidare austover frå denne maksimalsona minkar nedbøren gradvis. Inne i fjordane kan det være svært tørt i forhold på grunn av dei høge fjella som vernar desse områda. Lærdal har til dømes berre 491 mm i løpet av eit normalår.
Langfjella vernar Austlandet frå dei store nedbørsmengdene i vest, og denne delen av landet har vesentleg mindre nedbør (om ein ser bort i frå dei indre fjordstrøka av Vestlandet), vanlegvis rundt 1000 mm i året. Dette betyr òg at Austlandet har fleire dagar med sol og varmare vêr. Indre strøk nord i Sør-Norge er dei tørraste områda i heile landet. Skjåk har høge fjell både nord, vest og sør for seg, og frå aust kjem det vanlegvis lite nedbør. Dette fører til ein årsnedbør på berre 278 mm. Den lågaste årsnedbøren som nokon gong er målt vart registrert i dette området, det skjedde i Hjerkinn i Dovre med berre 64 mm. Finnmarksvidda og Aust-Finnmark får òg lite nedbør, omlag 400 mm i året. Desse områda er både verna av fjellområde i vest og sør, samtidig som den kaldare lufta i dette området ikkje inneheld like mykje fukt som lenger sør.
Kystområda frå Lindesnes til Vardø har om lag 200 dagar i året med målbar nedbør. Talet på dagar med minst 3 mm nedbør er 77 i Oslo (Blindern), 96 i Kristiansand (Kjevik), 158 i Bergen (Florida), 93 i Trondheim (Værnes) og 109 i Tromsø (Langnes).
[endre] Temperatur
Lofoten er dei nordlegaste områda i verda der alle månadane i året har ein døgnmiddeltemperaur over 0ºC. Havstraumane i Nord-Atlanteren vert derimot svekka jo lenger nord ein kjem, og på Finnmarksvidda finn ein dei lågaste temperaturane i landet. Det kan òg bli kaldt i nordlege fjell- og dalstrøk på Austlandet. Røros har til dømes målt temperaturar på -50ºC. Våren er tida på året då temperaturskilnadane mellom nord og sør er størst, og samtidig tida då temperaturskilnadane mellom dag og natt er størst i heile landet.
Dei månadlege middeltemperaturane varierar frå -17,1°C i januar i Karasjok til 17,3ºC i juli i Oslo (Studenterlunden). Den høgaste årlege middeltemperaturen i landet er på 7,7ºC i Skudeneshavn på Karmøy, medan den lågaste er -3,1ºC i Sihcajarvi på Finnmarksvidda, ein skilnad på 10ºC. Omlag same temperaturskilnad er det mellom Skudeneshavn og Athen i Hellas.
Den høgaste temperaturen som er målt i Noreg er 35,6ºC i Nesbyen, og den lågaste temperaturen er -51,4ºC i Karasjok. Den høgaste månadlege middeltemperaturen vart målt i Oslo i juli 1901 og var på heile 22,7ºC, medan den lågaste månadlege middeltemperaturen kom i Karasjok i februar 1966 med -27,1ºC.
Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen i januar er -6,8ºC i Oslo, -4,8ºC i Kristiansand, -0,4ºC i Bergen og -6,5ºC i Trondheim og Tromsø. Den gjennomsnittlige maksimumstemperaturen i juli er 21,5ºC i Oslo, 20,1ºC i Kristiansand, 17,6ºC i Bergen, 18,4ºC i Trondheim og 15,3ºC i Tromsø.
Stad | Høgd over havet | Temperatur (°C) | Årleg nedbør | Vekstsesong (dagar) |
Sommar (dagar) |
Snø >25 cm (dagar) |
||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Jul | år | ||||||
Blindern/Oslo | 94 m | -4.3 | 16.4 | 5.7 | 763 mm | 188 | 133 | 30 |
Lillehammer | 242 m | -9.1 | 14.7 | 2.9 | 660 mm | 165 | 108 | 110 |
Geilo/Hol | 810 m | -8.2 | 11.2 | 1.0 | 700 mm | 127 | 67 | 162 |
Sognefjellhytta/Lom | 1413 m | -10.7 | 5.7 | -3.1 | 860 mm | 58 | 0 | 244 |
Kristiansand | 22 m | -0.9 | 15.7 | 7.0 | 1380 mm | 205 | 145 | 21 |
Sola/Stavanger | 7 m | 0.8 | 14.2 | 7.4 | 1180 mm | 215 | 144 | 0 |
Florida/Bergen | 12 m | 1.3 | 14.3 | 7.6 | 2250 mm | 215 | 143 | 3 |
Molde/Romsdal | 20 m | 0.5 | 13.5 | 6.7 | 1640 mm | 195 | 120 | — |
Værnes/Trondheim | 12 m | -3.4 | 13.7 | 5.0 | 892 mm | 180 | 114 | 14 |
Nordøyan fyr/Vikna | 33 m | 0.5 | 12.5 | 6.0 | 800 mm | 188 | 98 | 1 |
Svolvær/Lofoten | 10 m | -1.5 | 13.0 | 4.7 | 1500 mm | 165 | 87 | 19 |
Langnes/Tromsø | 8 m | -3.8 | 11.8 | 2.9 | 1000 mm | 139 | 65 | 160 |
Honningsvåg/Nordkapp | 10 m | -4.5 | 10.3 | 2.0 | 765 mm | 115 | 40 | 110 |
Kirkenes | 10 m | -11.5 | 12.6 | -0.2 | 450 mm | 125 | 65 | 140 |
Longyearbyen/Svalbard | 28 m | -14.6 | 6.5 | -6.0 | 210 mm | 50 | 0 | 34 |
Vekstsesong: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 5ºC Sommar: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 10ºC. Snø: Talet på dagar med minst 25 cm snødekke på bakken, basert på perioden 1971–2000. Snødata frå nærliggande stasjonar: Skrova er brukt for Svolvær, Repvåg for Honningsvåg, Neiden for Kirkenes og Svalbard lufthamn (1976–2000) er brukt for Longyearbyen. Tromsø: Snødata er frå ein stasjon 100 m.o.h., Langnes har litt mindre snø. Honningsvåg er på sørsida av Magerøya, så Nordkapplatået (307 m.o.h.) er omlag 2–3°C kaldare. |
Som ein kan sjå i tabellen har Noreg store klimavariasjonar. Maritimt klima (i Köppen si klimaklassifisering Cfb) langs store delar av kysten, som i Bergen; fuktig kontinentalklima (Dfb) på Austlandet, som i Oslo; subarktisk maritimt klima (Cfc) som i Svolvær. subarktisk klima (Dfc) som i Kirkenes og arktisk tundra klima (ET) som i Longyearbyen og nordaustkysten frå Nordkapp til Vardø. I tillegg har dei fleste fjellområda alpint klima.
[endre] Nyleg oppvarming
Temperaturane har vore høgare dei siste åra. Ser ein på dei siste 15 åra, frå 1991 til 2005, er middeltemperaturen for januar 1 til 2,5ºC høgare enn i tabellen over, medan julitemperaturane er 0,5 til 1ºC høgare. Døgnmiddeltemperaturane for januar, juli og heile året er då i Oslo/Blindern -2,3ºC, 17,3ºC og 6,6ºC. For Bergen/Florida 2,8ºC, 15,1ºC og 8,2ºC, og for Trondheim/Værnes -0,7ºC, 14,8ºC og 5,9ºC. Tromsø får ein døgnmiddeltemperatur i januar på -2,6ºC, medan julitemperaturen berre aukar til 12,2ºC. Vintrane har altså blitt ein god del mildare, og snødekket har minka litt i låglandet der temperaturane ofte har vore rundt frysepunktet (inkludert dei fleste større byane).
[endre] Kjelder
- Norwegian Meteorological Institute ([1]).
- Bjørbæk, G. 2003. Norsk vær i 110 år. N.W. DAMM & Sønn.
- Førland, E.. Variasjoner i vekst og fyringsforhold i Nordisk Arktis. Regclim/Cicerone 6/2004.
- University of Oslo. Almanakk for Norge Gyldendal fakta.