Lindesnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1029 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Vigeland |
Flatevidd: | 316 km² |
Folketal: | 4486 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.lindesnes.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Ivar Lindal (KrF) 2003 |
Lindesnes er ein kystkommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Lyngdal i vest, Audnedal i nord og Marnardal og Mandal i aust. Kommunen har ei kystline på vel 90 km. Sjølve Lindesnes ytst på Lindesneshalvøya er det sørlegaste punktet på fastlandsnoreg (57°58'46"N).
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Då dei tidlegare kommunane Spangreid, Vigmostad og Sør-Audnedal blei slått saman i 1964 valde dei namnet Lindesnes på den nye kommunen.
[endre] Landskapet
Langs kysten austover mot Mandal er det ein fin skjærgård med friluftsområde av nasjonal verdi og fleire freda fuglereservat. Den meteorologiske stasjonen ved Lindesnes fyr har den høgaste årsmiddeltemperaturen i Noreg.
Landskapet i kommunen er småkupert, og stig frå havnivå til rundt 350 m.o.h. i nord. Berggrunnen er stort sett samansett av granitt og granittiske gneisar, og lausmasse-avsetjingane er hovudsakleg konsentrerte til elvedalane. Plantelivet i dei lågare delane av Lindesnes har varmekjære treslag, medan bjørk og furu dominerar høgare oppe.
Kommunen har eit hovuddalføre, Audnedalen, som strekker seg fra sør mot nord. Her renn elva Audna som var det første fullkalka vassdrag i Noreg. Takket vere kalkinga er det nå etablert ein ny og livsfrisk lakse- og sjøørretstamme i elva.
[endre] Tettstader
- Høllen
- Vigeland
[endre] Verdt å vitja
- Lindesnes fyr
- Sjølingstad Uldvarefabrik
- Svinør på Svinøy
- Lindesnes Bygdemuseum
- Galleri Gustav Vigeland
[endre] På verdsveven
|