Albania
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||
Offisielle språk | Albansk | ||||
Hovudstad | Tirana | ||||
Styresett |
Republikk Alfred Moisiu Sali Berisha |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
28 748 km² (143.) 4,7 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
3 563 112 (126.) — 124/km² (63.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Det osmanske riket 28. november 1912 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
18,933 mrd. USD (112.) 5 323 USD (100.) |
||||
Valuta | Lek à 100 qindarka | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Hymni i Flamurit (Rreth Flamurit Të Për Bashkuar) (Salmen for Flagget (Flagget som sameinte oss i kampen) | ||||
Nasjonaldag | 28. november | ||||
Internasjonal telefonkode | +355 | ||||
Nasjonale toppdomene | .al | ||||
Albania er eit middelhavsland i søraust i Europa. Landet grensar til Montenegro i nord, Serbia (Kosovo) i nordaust, Republikken Makedonia i aust, Hellas i sør, Adriaterhavet i vest og Det joniske hav i sørvest. Landet er eit ganske nytt demokrati, med det fulle namnet Republikken Albania. (På albansk språk Republika e Shqipërisë).
[endre] Geografi
- Sjå òg Albansk geografi
Ås- og fjellterreng utgjer mykje av landområda i Albania, der det høgaste fjellet, Korab i distriktet Dibra, strekk seg opp til 2 753 m. Bortsett frå hovudstaden Tirana, som har 800 000 innbyggjarar, er dei største byane Durrës, Elbasan, Shkodër, Gjirokastër, Vlorë, Korçë og Kukës. I albansk grammatikk kan ord ha både bestemt og ubestemt form, og dette gjeld òg for byar. Derfor er òg Tiranë og Tirana, og Shkodër og Shkodra brukt.
[endre] Klima
Albania har eit klassisk middelhavsklima, men har omlag dobbelt så mykje regn som til dømes Roma i Italia. Frå november til midt på våren kan ein vente regn om lag annakvar dag, men ein har og ein god del sol og mildvær i løpet av vinterhalvåret. Sommaren er varm og fuktig, men ein lett nordavind gjev meir behaglege forhold på kysten. Om lag ein gong i veka sveipar torebyger innover landet og vidare inn i Makedonia. Enkelte fjellområde er høge nok til å få ein god del snø og kaldt vêr om vinteren. Fjellområda er elles blant dei områda i Europa som får mest nedbør. Tirana har ein årleg nedbørsnormal på 1353 mm, men i enkelte av månadane på hausten regnar det ikkje så mykje mindre enn i Bergen.
[endre] Eksterne lenkjer
- Den albanske telefonkatalogen
- National Tourism Organization Albania's official website for travel & tourism information.
Aust-Europa |
Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |