Korjakia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Palana | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 17. 301 500 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 87. ca. 23 800 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Fjerne Austen | ||||
Økonomisk region | Fjerne Austen | ||||
Regionsnummer | 82 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Oleg Nikolajevitsj Kozjemjako | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +1200 |
Korjakia (russisk Корякский автономный округ) er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er del av Kamtsjatka oblast, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Palana, arealet er 301 500 km² og innbyggjartalet er 23 800 (2005). Etter ei folkerøysting 23. oktober 2005 kjem Korjakia 1. juli 2007 til å bli slått saman med Kamtsjatka oblast til Kamtsjatka kraj.
Korjakia ligg heilt i Russland, nord på stillehavskysten. Distriktet omfattar dei nordlegaste delane av Kamtsjatkahalvøya og dei nærliggande delane av fastlandet. På vestsida ligg Okhotskhavet og på austsida Beringhavet. Regionen er berglendt, høgste punktet er fjellet Ledjanaja, 2562 meter over havet. Fjellområda inneheld store mineralressursar som enno er lite utnytta, mellom anna kol, gull og platina. Middeltemperaturen i januar er - 17 grader celsius, i juli + 14 grader celsius.
Korjakia har ingen stader med bystatus. 26,5 % av folket bur i tettbygde område. Den etniske samansetjinga er:
- Russarar: 50,6 %
- Korjakar: 26,7 %
- Tsjuktsjarar: 5,6 %
- Itelmenar: 4,7 %
- Ukrainarar: 4,1 %
- Evenar: 3,0 %
Dei første russarane kom til området rundt midten av 1600-talet. Russisk busetjing i området kom ikkje før på 1800-talet. I 1927 budde omlag 11 000 menneske i det som no er Korjakia, av dei var berre 14 % russarar, og 60 % korjakar. 10. desember 1930 vart regionen Korjakia oppretta, som Den korjakiske nasjonale krins. Industriell utnytting av naturressursane i området tok til etter den andre verdskrigen, og korjakane vart ein minoritet. I 1990 budde det 45 000 menneske i Korjakia. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har folketalet gått dramatisk ned, og var i 2005 berre 53 % av det det var i 1990. Korjakia fekk status som føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen, men i 2005 gjekk eit fleirtal inn for samanslåing av Korjakia og Kamtsjatka oblast til Kamtsjatka kraj. Dette er planlagt gjennomført 1. juli 2007.