Læringsteorien konstruktivisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Læringsteorien konstruktivisme er tufta på eit sett oppfatningar om kunnskap og kva det inneber å tileigne seg kunnskap. Eit sentralt element i konstruktivismen er at mennesket konstruerer sin eigen kunnskap gjennom aktivitet og subjektive prosessar som resulterer i læring. I høve til utdanning målbærer konstruktivismen ei lærarstøtta undervisning som er tilpassa eleven sitt utviklings- og mestringsnivå og som skjer på initiativ frå, og er styrt av eleven sjølv. Konstruktivismen blir plassert som ein av fire hovudteoriar innan pedagogikken saman med behaviorismen, kognitivismen og sosiokulturalisme.
Innhaldsliste |
[endre] Etymologi
Omgrepet konstruktivisme kan vera noko upresist. Når ein med dette omgrepet snakker om korleis ein «skaper sin eigen kunnskap» kan ein misforstå det dit at kunnskapen oppstår av seg sjølv utan stimulering frå til dømes ein lærar. Det er difor viktig å forstå dette som ei teori om korleis læring kjem i stand og meiningar skapast og ikkje eit metodeopplegg for praktisk undervisning. Ordet konstruktivisme kan i tillegg ha noko varierande innhald og omfang når det brukast. Det er her eit spenn frå konstruktivisme som eit totalsyn på tilveret, såkalla radikal konstruktivisme og over til eit syn på teorien som ein av fleire som kan danne grunnlag for gode læringsformer. Omgrepet er heller ikkje førande for kva det skal vera fokus på i undervisninga; den enkelte elev, den sosiale og kulturelle konteksten eller ein kombinasjon.
[endre] Forsking og historikk
Konstruktivisme som innfallsport til læring var tradisjonelt ikkje særleg vektlagt i og med at denne hevda læring gjennom aktivitet, som til dømes leik. Filosofen og pedagogen John Dewey (1859–1952) var ein av dei første som la vekt på aktiv medverknad i læringsprosessen, gjennom å hevde at ein ikkje lærer utelukkande frå ytre stimulering med ved å hauste erfaringer frå eigen aktivitet.
Den sveitsiske filosofen og psykologen Jean Piaget (1896–1980) er kanskje den framste målbæraren for konstruktivismen. Ein av hovudhypotesene hans var at det vi lærer og opplever ikkje er eit objektivt bilete av verda rundt oss men at all stimulering blir handsama og tolka med hjelp av vår eksisterande kunnskap og oppfatning. Piaget framheva mellom anna leik som ein viktig læringsprosess hjå born, og produserte gjennom sitt lange yrkesløp ei omfangsrik vitskapleg underbygging av teoriane sine.
Den russiske psykologen Lev Vygotskij (1896–1934) er ein sentral teoretiker innafor konstruktivismen som spesielt la vekt på korleis samfunn og kultur påverkar individet og tilegninga av kunnskap.
[endre] Kognitiv konstruktivisme
Jean Piaget sin teori blir ofte kalla for kognitiv konstruktivisme i og med at vekta ligg på hva som skjer med personen sine mentale strukturar under læring, psykologien sin teori om kognisjon. Ein fokuserer på at leik og eventuelt annan interaksjon mellom individet og omverda fører til læring, eller konstruksjon av kunnskap på det mentale plan hos enkeltindividet. I følge denne teorien blir læring dermed ei individuell sak.
[endre] Sosial konstruktivisme
Sosial konstruktivisme tek utgangspunkt i at både læring og kunnskap må sjåast relatert til kultur, språk og det øvrige fellesskapet eit individ høyrer til i. Læringa starter ikkje «der ute» eller «inne i hovudet» på individet, men med språket som eit kulturelt fenomen. Språk finnast overalt og på alle læringsarenaer, både munnleg og skriftleg. Fordi den sosiale konstruktivismen er lett å koble til praktiske hendingar i klasserommet har han vorte ein populær teori innafor pedagogikken. Lev Vygotskij blir ofte omtala som ein sosial konstruktivist, men sidan hans teori óg inkluderar born og unge si kognitive utvikling blir denne gjerne omtala som sosiokulturell læringsteori og definert som ein eigen pedagogisk hovudteori.
[endre] Referansar
- Imsen, G.: Elevens verden - innføring i pedagogisk psykologi, Universitetsforlaget 2005
- Bjørnestad, Ø.: Om konstruktivismen, Notat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2004
[endre] Aktuell litteratur
- Bruner, J. S.: The Process of Education, Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 1960
- Piaget, J.: The Psychology of Intelligence, Routledge, New York, 1950
- Vygotskij, L.: Mind in Society. The Development og Higher Psychological Processes, Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 1978