Lidl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lidl Stiftung & Co KG er ein tysk lågpriskjede med om lag 5000 butikkar.
Lidl blei grunnlagt som Lidl & Schwarz Lebensmittel-Sortimentsgroßhandlung på 30-talet. Dei første filialane opna i Ludwigshafen tidleg på 70-talet. I 2004 opna dei første Lidl-butikkane i Noreg.
Butikkane, ligg som regel ein stad mellom ein nærbutikk og ein stormarknad på storleiksskalaen, vert oftast lagt utanfor bysentrumet i spesielt oppførte bygningar for Lidl.
Lidl er kjend for å halde låge prisar; ist billig (er billeg) er føretaket sitt motto. Nokre punkt bakom prisnivået:
- Effektiv distribusjon og logistikk, sentrert til eit fåtal varer.
- Redusert sortiment og få ferskvarer.
- Svært stor andel eigne merkevarer.
- Enkelt og einheitleg utforma butikkar på billige stadar utanfor bykjernane.
Lidl har som policy å ikkje uttale seg i massemedia og har hamna i blest når det gjeld spørsmål som personalet sine arbeidsmiljøtilhøve, harde arbeidsvilkår og bristen på miljømerkte produkt i butikkane.