Nilkrokodille
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nilkrokodille |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Foto: John Walker |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Crocodylus niloticus Laurenti, 1768 |
Nilkrokodillen (Crocodylus niloticus) er ein stor krokodilleart som lever i Afrika. Han høyrer til mellom dei største artane i familien, og er farleg både for dyr og menneske.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Nilkrokodilla høyrer til mellom dei største krokodilleartane i verda. Dei største eksemplara ein har funne var over seks meter lange og vog 750 kg. Sjå òg krokodille-artikkelen.
[endre] Utbreiing
Nilkrokodillar førekjem i innsjøar, elvar, våtmarkar og sumpar over nesten heile Afrika og på Madagaskar.
[endre] Nilkrokodillen og mennesket
Nilkrokodillar hadde ei særs viktig rolle i gamal-egyptisk religion. Guden Sebek hadde sogar krokodillehovud, og byen Krokodiliopolis var i sin heilskap vigd til han og krokodillane hans. Det er funne ei rekke balsamerte nilkrokodillar fleire stadar i landet.
Nilkrokodillen er òg det dyret som drep flest menneske i Afrika på årsbasis.
[endre] Kjelder
- Engelsk wikipedia
- Vår fantastiske verden, Skandinavisk presse 1990
- Menneskenes liv og historie, Carl Grimberg
<interwiki>