Rába
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rába | ||
Utspring | Passaileralpane | |
Munning | Donau | |
Tilknytta land | Austerrike, Ungarn | |
Lengd | 250 km | |
Høgd over havet ved utspring | 1 150 m | |
Høgd over havet ved munning | 118 m | |
Middelvassføring | 1 020 km² | |
Nedslagsfelt | 18 m³/s | |
Renn gjennom | Győr |
Rába (tysk Raab) er ei elv som renn gjennom søraustlege område av Austerrike og vestlege område av Ungarn, og ho er ei av sideelvene til Donau. Ho har sitt utspring i Austerrike, nokre kilometer aust for Bruck an der Mur. Elva renn gjennom delstatane Steiermark og Burgenland i Austerrike, og Vas og Győr-Moson-Sopron i Ungarn. Ho renn inn i ei sideelv til Donau (Mosoni-Duna) i nordvestlege område av Ungarn, i byen Győr. Andre landsbyar og byar langs Rába er mellom anna Gleisdorf, Feldbach (i Austerrike), og Szentgotthárd og Körmend (i Ungarn).
Dei 5-6000 slovenarane som bur i dei nordlegaste områda av Ungarn vert kalla Raba-slovenarar sidan dei bur nær elva. Dei fleste av dei bur i Szentgotthárd (Monošter på slovensk) og landsbyar sør for byen.
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rába frå Engelsk Wikipedia.
Donau |
---|
Land:Tyskland | Austerrike | Slovakia | Ungarn | Kroatia | Serbia | Romania | Bulgaria | Ukraina | Moldova |
Byar: Donaueschingen | Ulm | Ingolstadt | Regensburg | Passau | Linz | Wien | Bratislava | Győr | Esztergom | Budapest | Baja | Vukovar | Ilok | Bačka Palanka | Novi Sad | Beograd | Smederevo | Drobeta-Turnu Severin | Vidin | Ruse | Brăila | Galaţi | Tulcea |
Sideelver: Iller | Lech | Regen | Isar | Inn | Morava | Enns | Rába |Drava | Tisza | Sava | Timiş | Velika Morava | Jiu | Iskar | Olt | Osam | Jantra | Vedea | Argeş | Ialomiţa | Siret | Prut |