Austerriksk geografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austerrike er eit lite fjelland i Sentral-Europa, om lag midt mellom Tyskland, Italia og Ungarn. Det har eit totalt areal på 83 859 km², om lag dobbelt så stort som Sveits.
Austerrike grensar til land på alle sider og deler landegrenser med Sveits (164 km) og miniputtstaten Liechtenstein (35 km) i vest, Tyskland (784 km), Tsjekkia (362 km) og Slovakia (91 km) i nord, Ungarn i aust (346 km), og Slovenia (311 km) og Italia (430 km) i sør (totalt: 2563 km).
Den vestlegaste tredjedelen av det noko pære-forma landet består av ein smal korridor mellom Tyskland og Italia, som er mellom 30 og 60 kilometer brei. Resten av Austerrike ligg i Aust og har ei maksimal breidd i nord-sør-retning på 280 km. Landet er nesten 600 km langt frå aust mot vest, og strekk seg frå Bodensjøen på grensa mellom Austerrike, Sveits og Tyskland i vest til Neusiedlersjøen på grensa mellom Austerrike og Ungarn i aust. Kontrasten mellom desse to innsjøane, den eine ligg i Alpane og den andre er ein typisk steppeinnsjø i dei vestlegaste områda av Den ungarske sletta, illustrerer kor variert landskapet i Austerrike er.
Sju av Austerrike sine ni delstatar har lange historiske tradisjonar som går mykje lengre tilbake i tid enn då Republikken Austerrike vart oppretta i 1918: Oberösterreich, Niederösterreich, Steiermark, Kärnten, Salzburg, Tyrol og Vorarlberg. Delstatane Burgenland og Wien vart oppretta etter Den første verdskrigen. Det meste av Burgenland hadde vore ein del av Kongeriket Ungarn, men hadde hovudsakleg tysktalande innbyggjarar, og vart derfor austerriksk. Administrative og ideologiske årsaker spelte ei rolle då Wien vart oppretta som ein eigen delstat. Wien var tidlegare hovudstaden i Nedre Austerrike og var eit sosialistisk område, medan resten av Nedre Austerrike var konservativt, og både sosialistane og dei konservative ville styrke syna sine i deira respektive delstatar. Kvar delstat har sin eigen delstatshovudstad, bortsett frå Wien, som er ein delstat i seg sjølv i tillegg til å vere hovudstaden i heile landet. I Wien fungerar byrådet som eit provinsparlament og ordføraren som ein provinsguvernør.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Koordinatar:
Austerrike kan delast inn i tre ulike geografiske område. Fjellkjeda Alpane utgjer størstedelen av Austerrike (62 %), medan austlege område er okkupert av Den pannoniske sletta, og nord for Donau ligg Böhmerwald, ei lågare fjellkjede.
[endre] Elva Donau
Donau har sitt utspring nær Donaueschingen i sørvestlege område av Tyskland, og renn gjennom Austerrike og til slutt ut i Svartehavet. Dette er ei av dei største elvene i Europa, og er ei viktig transportåre. I 1992 vart mellom anna Rhinen-Main-Donau-kanalen opna i Bayern, og dermed så er det mogeleg å føre lektarar og mindre båtar frå Nordsjøen til Svartehavet via elvene Rhinen, Main og Donau.
Dei største elvene nord for vasskiljet i dei austerrikske Alpane (elva Inn i Tyrol, Salzach i Salzburg, og Enns i Steiermark og Øvre Austerrike) er elvar som renn nordover og direkte ut i Donau, medan elvene sør for vasskiljet i sentrale og austlege område av Austerrike (elvane Gail og Drava i Kärnten og Mürz og Mura i Steiermark) renn sørover og inn i nedslagsfeltet til Drava, som til slutt renn ut i Donau i Serbia. Så sentrale og austlege delar av Austerrike er orientert bort frå vasskiljet i Alpane, delstatane Øvre Austerrike og Nedre Austerrike mot Donau, og delstatane Kärnten og Steiermark mot Drava.
[endre] Alpane
Tre store fjellkjeder Alpane — Dei nordlege kalksteinsalpane, Dei sentrale alpane, og Dei sørlege kalksteinsalpane — går frå vest mot aust gjennom Austerrike. Dei sentrale Alpane består hovudsakleg av granitt, og er dei høgaste og største i Austerrike. Dei går frå Tyrol til om lag grensa mellom Steiermark og Nedre Austerrike, og inneheld område med permanente isbrear i Ötztaleralpane på grensa mellom Tyrol og Italia, og i Hohe Tauern i Aust-Tyrol og Kärnten. Dei nordlege kalksteinsalpane, går frå Vorarlberg, gjennom Tyrol og inn i Salzburg langs den tyske grensa, og gjennom Øvre og Nedre Austerrike mot Wien. Dei sørlege kalkesteinsalpane, på grensa mellom Kärnten og Slovenia, består hovudsakleg av kalkstein og dolomitt. Großglockner er det høgaste fjellet i Austerrike med 3 797 meter. Hovusakleg kan ein sei at jo lenger aust i dei nordlege og sentrale Alpane ein kjem, jo lågare vert dei. Høgda på fjella vert òg mindre når ein går nordover eller sørover frå dei sentrale områda.
Alpane dominerar landskapet i Austerrike, og berre 28 % av landet består av åsar eller flate område: Det nordlege alpine forlandet, som inneheld Donaudalen, låglandet og det åslendte området nordaust og aust i Austerrike, og Det søraustlege alpine forlandet. Områda av Austerrike som er mest egna for busetjing — det vil sei med gode jordbruks- og klimaforhold— går nord for Alpane gjennom Donaudalen i delstatane Øvre og Nedre Austerrike, og så aust og sør for Alpane gjennom Nedre Austerrike, Wien, Burgenland og Steiermark. Det flataste område av Austerrike, Leithagebrige, ligg i søraust og dannar den sørlege delen av Wien-bekkenet, der steppene på Den ungarske sletta byrjar.
[endre] Böhmerwald
Granittmassivet i Böhmerwald er ei låg fjellkjede med bare og forblåste platå og eit hardt klima. Det ligg nord for Donaudalen, og dekkjer om lag 10 % av arealet i Austerrike.
[endre] Folkesetnad og geografi
Arealbruket i Austerrike endrar seg frå dei alpine ormåda i vest til dei flatare områda i aust. Om lag 10 % av arealet i Austerrike er bart og ikkje dyrkande, det vil sei i dei brattaste fjellsidene eller over tregrensa. Om lag 40 % av Austerrike er dekka av skog, og mesteparten av skogområda ligg i alpeområdet. Mindre enn ein femtedel av Austerrike er dyrkande og passande for vanleg jordbruk. Denne prosentdelen aukar i austlege delar av landet, der landet er mindre alpint. Meir enn ein femtedel av Austerrike er beite og enger i forskjellige høgder. Om lag halvparten av dette er høgtliggande alpine grassletter.
I lange tider var desse høgtliggande beitemarkene om sommaren brukt for beitande melkekyr, og dermed kunne ein bruke områda i lågare høgder for dyrking og hausting av fôr for vinteren. Mange av desse høgtliggande beitemarkene ligg på over 1 000 meter.
Sjølv om jordbruk i fjellområda før i tida var økonomisk levedyktig, har tradisjonen dei siste åra berre overlevd ved hjelp av subsidiar. Bønder i desse fjellområda er uroa for at EU-medlemskapet til Austerrike kan medføre til innskreing av desse subsidiane og til slutt slutten på det alpine jordbruket. Viss dette skjer vil sannsynlegvis mange område gro igjen etter hundreår med jordbruk.
Sjølv om Alpane er vakre, fører dei til at det ikkje er mogeleg med permanent busetjing i mange område av Austerrike. Det vil sei område som er oppdyrka, med fast busetjing, og som vert brukt for transport, men som ikkje inkluderar skogar, alpine beitemarker eller aude land. Dei permanent busette områda i Austerrike utgjer berre om lag 40 % (35 000 km²) av landet, og dei fleste (om lag to tredjedelar) bur i Donaudalen og i dei åslendte og lågareliggane områda nord, aust og sør for Alpane.
I alpedelstatane bur dei fleste i elvedalane: Bregenz ved breidda av Bodensjøen i Vorarlberg, Innsbruck ved elva Inn i Tyrol, Salzburg ved elva Salzach i Salzburg, og Klagenfurt ved elva Gail i Kärnten. Alpane vert mindre og mindre folkesett jo høgare ein kjem.
Tyrol illustrerar mest tydeleg forholdet mellom den alpine geografien og busetnad. Tyrol er den mest fjellkledde delstaten i landet (mindre enn 3 % av landarealet er dyrkande), og delstaten med minst folketettleik, og berre 15 % av arealet er brukt til busetnad.
På grunn av Alpane er heile landet eit av dei landa i Vest- og Sentral-Europa med minst folketettleik, om lag 93 innbyggjarar per kvadratkilometer.
Landegrensene til Austerrike følg sjeldan geografiske trekk, og sidan Romarrikets fall har verken Alpane eller Donau fungert som politiske grenser. Delstatane i Austerrike følgjer heller ikkje i særleg grad fjellkjeder og ryggar.
Sjølv om Alpane ikkje markerte politiske grenser, separerte dei ofte folkegrupper frå kvarandre. Sidan Alpane før i tida ikkje var farbare, så vart innbyggjarane isolert i dalane og utvikla sine eigne distinkte og regionale subkulturar. Derfor hadde innbyggjarane i ein dal forskjellig dialekt, nasjonaldrakt, arkitektur og segn enn innbyggjarar i andre dalar. Skilnadane var store nok til at ein lett kunne identifisere kor ein kom frå. I dag har derimot massemedia, mobilitet, framgong og turisme viska ut desse skilnadane.
Trass i Alpane har Austerrike vore eit gjennomfartsland gjennom historia. Donaudalen har i hundreår vore ein vassveg mellom Sentral-Europa, Balkan og «Orienten». Etter Den andre verdskrigen vart derimot Austerrike mindre viktig som transportåre, då Europa vart delt inn i to motsett økonomiske og militære blokker. Etter opninga av Aust-Europa i 1989 har derimot Austerrike gradvis vunne tilbake si historiske rolle, og allereie tidleg på 1990-talet hadde talet på folk og kjøretøy som passerte dei austlege grensene auka kraftig.
I alpeområdet er det fire fjellovergongar som er særleg viktig for transport mellom nord og sør. Semmeringpasset ved grensa mellom Nedre Austerrike og Steiermark knyttar saman Wienbekkenet med Mürz- og Muradalane, og gjev dermed ein nordaust-sørvest veg mellom Steiermark og Slovenia, og via Kärnten, til Italia.
Pyrhnpasset mellom delstatane Øvre Austerrike og Steiermark, og Tauernpasset mellom fjellkjedene Hohe Tauern og Niedere Tauern i Salzburg, fører til adkomst mellom Muradalen i Steiermark og Dravadalen i Kärnten. Hovudvegane som går gjennom desse passa er viktige transportårer mellom nordvest og søraust i Alpane. Pyrhnvegen har òg fått namnet Fremdarbeiterweg («framandarbeidervegen») fordi millionar av Gastarbeiter («gjestearbeidar») i Tyskland brukte vegen for å reise heim på ferie frå Balkan og Tyrkia. Mange tyskarar og nordeuropearar brukar framleis vegen i sommarmånadane får å nå Adriatarhavskysten. Etter at Jugoslavia braut saman i 1991 har derimot mykje av denne trafikken vorte omdirigert gjennom Donaudalen til Ungarn.
Den viktigaste fjellovergongen i Austerrike er Brennerpasset, som ligg på grensa mellom Italia og Tyrol. Med ei høgd på 1 370 meter er passet det lågaste i Alpane. Ruta frå Inndalen og over Brennerpasset har historisk sett vore ei viktig og bekvem rute mellom Tyskland og Italia, og er den mest direkte ruta mellom Europa sine to mest industrialiserte regionar: Tysklang og Nord-Italia.
Naturressursar: jernmalm, olje, tømmer, magnesitt, bly, kol, brunkol, kopar, vasskraft
Arealbruk:
dyrkande jord: 17 %
permanente avlingar: 1 %
permanente beite: 23 %
skogområde: 39%
anna: 20% (1996 estimast)
Irrigert land: 40 km² (1993 estimat)
[endre] Klima
Klimaet i Austerrike kan i hovudsak delast i to i lag med topografien. Ein har Alpane i vest med fjellklima, og eit sentraleuropeisk låglandsklima i aust. Tyrolområdet i vestlege delar av Austerrike har mange djupe og smale dalar som går på kryss og tvers mellom Alpefjella, og klimaet nede i dalane kan vere ganske forskjellig frå klimaet i høgda. Dalane og fjellsidene som vender mot nord er ofte kalde med mykje skya ver om vinteren. Av og til kan derimot krafig fønvind presse temperaturane opp i 10ºC og høgare. Sørlege delar av Tyrol og sørsida av Hohe Tauern har ofte mykje sol om vinteren.
Donaudalen ligg ofte dekka av eit tynt stratusskydekke som gjev kjølege forhold i dalen. Dette skydekket varer gjerne frå desember til februar. Det er ofte enno kaldare og meir tåkete i låglandet i søraust, og den gjennomsnittlege minimumstemperaturen om vinteren i Graz er lågare enn i Warszawa og Stockholm. Nettene held seg kalde i Austerrike til ut i mai, men frå då av kan ettermiddagane ofte by på svært behagelige temperaturar med unntak av enkelte regnbyger no og då. Varmen frå sommarsola fører ofte til torevêr om sommaren, men som regel får dei nordaustlege områda litt mindre nedbør enn resten av landet. Dalane får som regel mest sol om sommaren, sidan torebygene held seg rundt dei høge fjellområda. September og tidleg oktober er den tørraste og mest tempererte tida på året.
Innsbruck er representativ for dalstrøka i vest, og har som regel forholdsvis behagelege temperaturar om sommaren, men ein kan innimellom få nattefrost. Ein har t.d. hatt nattetemperaturar under -20ºC i juli. Den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen held seg over 20ºC frå mai til september. Juli er den våtaste månaden der det regnar 2 av 3 dagarHausten er noko tørrare, medan vinteren ofte fører til lågt skydekke og låge temperaturer. Fønvinden fører derimot av og til med seg milde vinterdagar.
Wien ligg verna mellom fjella og har forholdsvis få dagar med nedbør kvar månad. Sommardagane er varme, men ikkje særleg fuktige, og på solrike ettermiddagar kan ein ha fine temperaturar frå april til oktober. Vintrane er meir skya og kjølege med litt spredt snø no og då.
[endre] Økologiske problem
Austerrike har fleire økologiske problem å stri med. Eit av dei mest påtrengande er trafikkforureining . Trafikken langs motorvegen gjennom Brennerpasset har til dømes auka frå 600 000 kjøretøy per år tidleg på 1970-talet til over 10 millionar per år tidleg på 1990-talet. Ein fjerdedel av trafikken som går gjennom Austerrike er semitrailerar. Etter at Aust-Europa opna opp grensene har trafikkproblemet auka.
Dei alpine dalane som mykje av denne trafikken går gjennom er svært sårbar for økologiske øydeleggjingar. Smale dalar medverkar ikkje til oppløysing av forureining og støy frå kjøretøya. Temperaturinversjonar — kalde luftlag i botn av dalane som er fanga inne av varmare luftlag over— forsterkar òg forureiningsproblemet, særleg om vinteren.
Austerrike har forhandla med EU om å setje grenser på kor mykje kommerisiell trafikk som kan gå gjennom landet, og særleg gjennom Tyrol. Ein arbeidar òg med eit «vognbjørn»-system der ein lastar semitrailarar på jarnbanevogner i Sør-Tyskland og Nord-Italia, og så transporterar ein desse gjennom Tyrol via jarnbanen. Miljøvernsaktivistar har pressa på for meir langsiktige løysingar, og dei har til dømes føreslått ein tunnel frå Garmisch-Partenkirchen sør i Tyskland til Bolzano i Nord-Italia.
Forureining vert òg påverka av vêret i Europa. Vêrsystem frå Atlanterhavet fører med seg forureining frå Nordvest-Europa til Austerrike, og nærleiken til dei industrialiserte områda i Aust-Europa, som har mindre grad av reinsing, kombinert med kontinentale vêrsystem er stundom svært skadeleeg. Vêrsystem i Middelhavet fører med forrureining frå Nord-Italia.
Som følgje av både innanlands og utanlands forureining har 37 % av skogane i Austerrike vorte øydelag av sur nedbør og/eller forureinande utslepp. Øydeleggingane av skogane har igjen hatt store konsekvensar, inkludert uttynning av skogar som i hundreår har verna alpine busetnadar frå snøras, erosjon, jordras eller flaum som følgje av overflatevatn.
Dei økologiske problema i landet kom på dagsordenen på 1970-talet frå miljøvernsgrupper. Eigne politiske parti vart oppretta, og representantar vart vald inn i parlamentet. Ei folkeavstemming i 1978 gjorde at eit nyopna atomkraftverk vart lagt ned, og landet slutta å nytte atomkraft som energikjelde. Offentleg motstand stoppa i 1984 ei planlagd utbygging av eit vasskraftverk i eit våtmarksområde.
Landet har i lang tid nytta Alpane til forskjellige fritidsføremål. Omfattande turisme fører til eit press på det sensitive økosystemet i Alpane. Utforløyper øydelegg skogar, og det same gjer turgåing og fjellsykling utanom turstiane. Mange alpelandsbyar har òg vekse kraftig som følgje av turistindustrien. I dei mest ekstreme tilfella finns det tjue hotellsenger for kvar innbyggjar, eit forhold som gjev ei uforholdsmessig høg last på infrastrukturen og omgivnadane i høgsesongane. På bakgrunn av dette har ein prøvd å innføre «grøne» eller «mjuke» former for turisme, som er meir kompatible med omgivnadane i Alpane.
Ein del av løysinga til Austerrike sine økologiske problem har vore strengar innanriks miljølovgjeving. Men til sjuande og sist må det til eit europeisk og globalt samarbeid for å få bukt med forrureininga og utsleppa for å verne miljøet i landet.
Miljøproblem: Forvitring av skogar på grunn av luft- og jordforureining. Forureining av jordsmonnet kjem av bruk av jordbrukskjemikalar. Luftforureininga kjem av utslepp av kol- og oljefyrte kraftverk, fabrikkanlegg og frå tungtransport gjennom Austerrike mellom Nord- og Sør-Europa.
Internasjonale miljøavtalar:
delaktig i avtalar mot: Luftforureining, utslepp av nitrogenoksid, utslepp av svovel 85 og svovel 94, utslepp av flyktige organiske stoff, klimaendringar, ørkendanning, miljøomforming, miljøfarleg avall, skipsforureining, tropisk tømmer 83, tropisk tømmer 94, kvalfangst
delaktig i avtalar for: Antarktis-traktaten, biologiske mangfald, utryddingstrua dyreartar, Havretten, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, våtmarksområde,
signert, men ikkje stadfesta: utslepp av persistent organisk forureining, Antarktisk-miljøavtal, Kyoto-avtalen
[endre] Areal og grenser
Areal:
- Totalt: 83 871 km²
- Land: 82 738 km²
- Vatn: 1 120 km²
[endre] Geografiske ytterpunkt
- Høgaste punkt: Großglockner, med 3 798 m, 47°4′30″N, 12°41′40″E
- Lågaste punkt: Neusiedlersjøen, med 115 m,
- Vestlegaste punkt: Elva Rhinen nær Bangs i Vorarlberg, 47°16′16″N, 9°31′51″E, men merk at ein ikkje er einige om landegrensene i Bodensjøen mellom Austerrike, Tyskland og Sveits.
- Vestlegaste busetnad: Bangs i Vorarlberg, 47°15′56″N, 9°32′42″E
- Austlegaste punkt: hjørnet av ei slette nær Deutsch Jahrndorf i Burgenland, 48°0′24″N, 17°9′38″E
- Austlegaste busetnad: Deutsch Jahrndorf i Burgenland, 48°0′37″N, 17°6′33″E
- Nordlegaste punkt: ved elva Neumühlbach, nær Rottal i Oberösterreich, 49°1′14″N, 15°1′16″E
- Nordlegaste busetnad: Haugschlag i Oberösterreich, 48°59′51″N, 15°3′32″E
- Sørlegaste punkt: i Steineralpane i Kärnten, mellom Seeländer Sattel og Sanntaler Sattel i ei høgd på meir enn 2 000 m, 46°22′21″N, 14°33′55″E
- Sørlegaste busetnad: Bad Vellach i Kärnten, 46°25′37″N, 14°32′58″E
- Punkt lengst borte frå landegrenser: nær Gstatterboden i Gesäuse nasjonalpark i Steiermark, over 100 km til næraste grense, 47°35′30″N, 14°38′0″E
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Geography of Austria frå Engelsk Wikipedia.
|
|||
---|---|---|---|
Albania • Andorra • Armenia • Austerrike • Aserbajdsjan2 • Belgia • Bosnia-Herzegovina • Bulgaria • Danmark • Estland • Finland • Frankrike • Georgia1 • Hellas • Irland • Island • Italia • Kazakhstan1 • Kroatia • Kviterussland •Kypros2 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxembourg • Republikken Makedonia • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland • Noreg • Polen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1 • Tyskland • Ukraina • Ungarn | |||
Biland, sjølvstyre og andre landområde Abkhazia1 • Adjara1 • Akrotiri og Dhekelia • Færøyane • Gibraltar • Guernsey • Krim • Isle of Man • Jersey • Kosovo • Nagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1 • Åland |
|||
1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker. |
Donau |
---|
Land:Tyskland | Austerrike | Slovakia | Ungarn | Kroatia | Serbia | Romania | Bulgaria | Ukraina | Moldova |
Byar: Donaueschingen | Ulm | Ingolstadt | Regensburg | Passau | Linz | Wien | Bratislava | Győr | Esztergom | Budapest | Baja | Vukovar | Ilok | Bačka Palanka | Novi Sad | Beograd | Smederevo | Drobeta-Turnu Severin | Vidin | Ruse | Brăila | Galaţi | Tulcea |
Sideelver: Iller | Lech | Regen | Isar | Inn | Morava | Enns | Rába |Drava | Tisza | Sava | Timiş | Velika Morava | Jiu | Iskar | Olt | Osam | Jantra | Vedea | Argeş | Ialomiţa | Siret | Prut |