Rogn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg fiskerogn
Rogn |
||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekke: | Magnoliophyta | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Rosales | |
Familie: | Rosefamilien | |
Slekt: | Sorbus | |
Art: | S. aucuparia | |
Vitskapleg namn | ||
Sorbus aucuparia | ||
Linné |
Rogn (Sorbus aucuparia) eller raun er eit lauvtre i planteslekta Sorbus og sorterer under rosefamilien. Namnet rogn kjem frå norrønt «reynir» som har samanheng med ordet raud.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
[endre] Vekstform
Rogn veks som pionertre og i skogbryn over heile Europa, bortsett frå i Middelhavslanda og i Alpane. Treet finst i heile Noreg og opp til 1500 moh. i sør. Det veks i alle jordtypar, frå våt og sur jord til næringsfattig sandjord. Rogna er lyskrevande, men tåler vind. Rognetre kan bli opptil hundre år gamle.
Treet kan bli opp til 10 meter høgt avhengig av klima. Langs kysten og i fjellet kan rogn også vere i buskeform. Unge tre er slanke og kjegleforma, men etter som tida går blir dei meir avrunda og buskete. Dette er fordi treet ofte manglar eigentlege toppskot.
Borka er brun og glatt. På eldre tre kan ho sprekke opp.
[endre] Blad
Blada er taggete og smale og sit parvis saman. Treet feller dei om hausten.
[endre] Blomar og bær
Rogna har talrike kvite blomar i ein halvskjerm som blir til små, epleaktige bær. Blomane trekk til seg fluger og har difor ei sterk, stram lukt som likevel ikkje rekk langt frå treet, slik god lukt frå til dømes syrin eller kaprifolium gjer.
Når dei blir mogne på haustsida får dei ei raudoransje farge. Skalet er mjukt og tynt. Bæra er sure, men fuglar, særleg trost og sidensvans, likar smaken, og sørger for at dei blir spreidde. Nye rognetre kan veksa så godt som overalt: På tak, murar, i bergveggar, og i kronene eller stubbane av gamle tre.
[endre] Rogn i kulturen
[endre] Rognetru
Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som tuntre i både Skottland og Finland for å verna mot alt vondt. I norrøn tid var treet via guden Tor, og det opptrer i fleire segner.
[endre] Bruk
Rogn blir nytta i treforedlingsindustrien og som fyringsved. Rogneveden er hard og seig, og eigner seg godt som dreieemne og som skaft til ulike verktøy. Tidlegare vart rogn òg brukt til å lage ski.
Borken kan brukast til garving og har òg vore brukt som dyrefôr.
Bæra er sure, men kan nyttast i til dømes rognebærgelé. Frysing av bæra gjer dei mindre sure, men senker òg innhaldet av pektin slik at dei blir mindre eigna til gelélaging. Rognebær skal òg vera ein viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk.
Tidlegare blei rognebær brukt som urindrivande middel, mot nyrestein og mot skjørbuk.
Ville dyr som elg et gjerne borka, tynne kvistar og blad av rogn.
[endre] Kommuneblom
Rogn er kommuneblomen til Skaun kommune.
[endre] På Jæren
Fram til 1800-talet då ein byrja med skogplanting var rogna det einaste treslaget på Jæren.