São Tomé og Príncipe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||
Offisielle språk | Portugisisk | ||||
Hovudstad | São Tomé | ||||
Styresett |
Republikk Fradique de Menezes Tomé Vera Cruz |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 001 km² (185.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
187 410 (172.) — 187/km² (42.) |
||||
Sjølvstende frå Portugal |
12. juli 1975 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
268 mill. USD (178.) 1 638 USD (151.) |
||||
Valuta | Dobra | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Independência total | ||||
Nasjonaldag | 12. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +239 | ||||
Nasjonale toppdomene | .st | ||||
São Tomé og Príncipe er ein øystat som ligg vest for det afrikanske fastlandet i Atlanterhavet. Landet er det minste i Afrika. Det inneheld to vulkanøyar som ligg utanfor Gabon, og var portugisisk koloni frå 1522 til 1975.
São Tomé, den største øya, ligg nesten rett på ekvator. Ho er kalla opp etter den heilage Thomas, fordi ho blei oppdaga på minnedagen hans.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Dei to øyane ligg på ein fjellkjede av slokna vulkanar, og har mykje fjell. Høgaste punkt er Pico de Saõ Tomé på 2 024 meter.
Landet har eit tropisk klima med høg temperatur og mykje regn frå september til mai. Tida frå juni til september er mildare og har mindre regn.
[endre] Historie
Før øyane blei oppdaga av portugisiske sjøfolk ein gong mellom 1469 og 1472 var dei ikkje folkesette. Den første varige kolonien blei grunnlagd på São Tomé av Alvaro Caminha i 1493. Principe blei folkesett i 1500.
Det var få som hadde lyst til å flytta til øyane, og mange blei sendt dit gjennom tvang. Dette gjaldt særleg jødar som blei sende dit frå Portugal og slavar som blei henta frå det afrikanske fastlandet. Slavearbeid og den fruktbare vulkanjorda gjorde raskt øyane til den viktigaste afrikanske sukkereksportøren. Den portugisiske staten tok over styringa av São Tomé i 1522 og Príncipe i 1573.
[endre] Innbyggjarar
Størsteparten av innbyggjarane bur på São Tomé; rundt 137 500, mot 6 000 på Príncipe. Folka tilhøyrer hovudsakleg den katolske (70%) eller protestantiske kyrkjer. Dei identifiserer seg meir eller mindre i seks grupper:
- Mestiços, etterkomarar etter afrikanske slavar frå Benin, Gabon og Kongo, og europearar. Også kjend som filhos da terra, 'born av jorda'.
- Angolares, som skal vera etterkomarar etter angolanske slavar som overlevde eit skipbrot i 1540 og no livnærer seg gjennom fiske.
- Forros, etterkomarar etter frigjevne slavar.
- Serviçais, kontraktarbeidarar frå Angola, Mosambik og Cape Verde som bur midlertidig på øyane, living temporarily on the islands;
- Tongas, born av serviçais som er fødde på øyane.
- Europearar, hovudsakleg av portugisisk herkomst.
Medan portugisisk er det offisielle språket og blir tala av 95%, er òg tre portugisisk-baserte kreolspråk utbreidde: forro (85%), angolar (3%) og principense (0,1%).
[endre] Økonomi
São Tomé og Príncipe er eit fattig land med ei utanlandsgjeld på over 300 millionar amerikanske dollar. Landet er avhengig av å importera det meste av forbruksvarer, drivstoff og ein god del mat, medan det hovudsakleg eksporterer kakao, i tillegg til noko kaffi, kopra og palmeolje. Dei fleste arbeidsplassane finst i landbruket.
Landet har òg naturressursar som fisk og vasskraft, og er i ferd med å utforska petroleumsressursar i sine territorialfarvatn.
[endre] Kjelder
Øystatar i Afrika |
Kapp Verde | Komorane | Madagaskar | Mauritius | São Tomé og Príncipe | Seychellane |