Mauritius
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Latin: Stella Clavisque Maris Indici (Stjerna og nøkkelen til det indiske havet) |
|||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Engelsk, fransk og kreolsk | ||||
Hovudstad | Port Louis | ||||
Styresett |
Republikk Sir Anerood Jugnauth Dr Navinchandra Ramgoolam |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
2 040 km² (180.) 0,05 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
1 230 602 (149.) — 603/km² (11.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 12. mars 1968 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
16 054 mill. USD (118.) 13 029 USD (52.) |
||||
Valuta | Mauritisk rupi | ||||
Tidssone | UTC +4 | ||||
Nasjonalsong | Motherland | ||||
Nasjonaldag | 12. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +230 | ||||
Nasjonale toppdomene | .mu | ||||
Mauritius er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i det indiske havet. Øya ligg rundt 90 mil aust for Madagaskar, og er saman med Réunion og Seychellane ein del av Maskarenane.
[endre] Historie
Mauritius vart i 1505 oppdaga av portugisarane, og låg deretter under, i tur og orden, Nederland, Frankrike og Storbritannia til landet vart sjølvstendig i 1968. Landet var ubebudd ved oppdaginga, folkesetnaden i dag er dominert av indarar og ein mindre del afrikanarar. Mauritius er eit stabilt demokrati og har ein av Afrika sine høgste BNP pr. innbyggjar.
[endre] Klima
Mauritius har eit tropisk havklima med forholdsvis høge temperaturar og høg fukt året gjennom. Temperaturane vert derimot aldri så høge at det blir ubehagleg, sjølv om nettene kan vere ganske klamme. Ein har regn i alle månadar, men den våtaste perioden er frå desember til april. I desse månadane kan òg tropiske syklonar treffe øya eller passere nær nok til å gi svært store nedbørsmengder og øydeleggjande vind. Den sørlege og søraustlege kysten er mest utsett for den søraustlege passatvinden, og får om lag dobbelt så mykje regn som Port Louis (som har ein normal på 1287 mm nedbør i året), og regnet er òg kraftigare i dei høgareliggande områda innafor. Utanom den våtaste perioden kan ein få ein god del sol med litt lågare temperaturar og kraftig sjøbris.
Øystatar i Afrika |
Kapp Verde | Komorane | Madagaskar | Mauritius | São Tomé og Príncipe | Seychellane |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |