Tamazightiske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamazightiske ('Tamazightisk') |
||
Klassifisering: | afroasiatiske språk tamazightiske språk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Niger, Mali, Tsjad, Burkina Faso og Frankrike. | |
Område: | Magreb | |
Tamazightisketalande i alt: | omlag 20 - 25 mil. | |
Rangering: | — | |
Skriftsystem: | Arabiske eller latinske bokstavar | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Algerie | |
Normert av: | — | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | ber | |
ISO 639-2: | — | |
SIL | — |
Tamazightisk er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Magreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.
I Europa vart ordet «berber» ofte nytta. Dette ordet stammar frå det greske ordet «barbaroi», som tyder «barbarar». Å kalla folk frå andre kulturar for «barabarar» tykkjest å ha vore enda meir utbreidd i antikken enn i dag. Under romersk okkupaskon vart ordet «barbaroi» latinisert, til «barbarus». Då araberane innvaderte Magreb arabiserte dei ordet til «al barbar», noko som franskmennene igjen galloiserte til «berbère» då dei okkuperte området.
Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.
[endre] Klassifisering av tamazightiske språk
Å klassifisere dei individuelle tamazightiske språka er ikkje lett, noko som har gjeve seg utslag i at klassifiseringa har variert ein god det siste hundreåret. For tida verkar det som det er rimeleg semje om følgjande klassifisering:
- Nordlege tamazightiske språk
- Kabylsk (Taqbaylit)
- Marokkanske Atlas-tamazightiske språk
- Zenatisk
- Nefusa-Siwa-språk (austlege)
- Siwisk
- Awjila-Soknaiske språk
- Ghadames-Awjila-språk
- Tuareg-språk
- Zenaga-språk
Afroasiatiske språk |
tamazightisk | tsjadspråk | egyptisk | semittisk | kusjittisk | beja | omotisk |
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |