Tyrkiske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyrkiske språk vert snakka av om lag 2,5 % av menneskeslekta. Av språkhistoriske grunnar deler vi dei inn i to grupper, tsjuvasjisk (ofte kalla den bolgarske greina av dei tyrkiske språka på den eine sida, og alle dei andre tyrkiske språka på dei andre. Skilnadene dei to gruppene i mellom er framforalt fonologisk, det er mogleg å rekonstruere alle andre tyrkiske språk en tsjuvasjisk til same urspråk.
I lag med dei mongolske og tungusiske språka dannar dei tyrkiske språka den altaiske språkgruppa. Det ligg ikkje føre noko god rekonstruksjon av det altaiske urspråket, så denne genetiske språkfamilien er omstridd. Tidlegare forskarar ville inkludere uralske språk inn i same språkgruppe, til ein ural-altaisk språkfamilie, denne teorien har i dag liten støtte: Tilhengjarar av sikre språkfamiliar avviser den, mens tilhengarane av overgripande språkfamiliar vil sjå ural-altaisk som del av ein større eurasiatisk språkfamilie.
Dei tyrkiske språka er svært like kvarandre. Etter Sovjetunionens samanbrot har Tyrkia byrja å sende TV-sendingar via satelitt inn i dei tyrkisktalande områda i Sentralasia, for
Innhaldsliste |
[endre] Skriftspråk
Dei tyrkiske språka vart skrive med det arabiske alfabetet fram til første halvpart av dette hundreåret. Etter samanbrotet i det Ottomanske riket gjennomførte Kemal Atatürk ei skriftspråkreform, og innførte det latinske skriftspråket vi kjenner i dag. Dei austlege tyrkiske språka var eitt skriftspråk fram til konsolideringa av sovjetmakta på 1920-talet, då det vart laga latinskbaserte skriftspråk for alle dei tyrkiske språka. Desse vart skifta ut med kyrillisk-baserte skriftspråk i samband med det sovjetiske skiftet i språkpolitikken frå 1937.
[endre] Grammatikk
Dei tyrkiske språka har ein uniform grammatikk.
[endre] Liste over tyrkiske språk
- Tyrkiske språk
- tsjuvasjisk
- sørtyrkiske språk
- khalajisk
- gagauzisk
- tyrkisk
- krimtyrkisk
- turkmensk
- azerbaidsjansk
- quashkaisk
- austtyrkiske språk
- uighursk
- uzbekisk
- salarsk
- vesttyrkiske språk
- sentraltyrkiske språk
- nogaisk
- karakalpakisk
- kazakhisk
- kirghizisk
- Nordtyrkiske språk
[endre] Litteratur
Tyrkiske språk |
Tsjuvasjisk |
sørtyrkiske språk: | khalajisk | gagauzisk | tyrkisk | krimtyrkisk | turkmensk | aserbajdsjansk | quashkaisk |
austtyrkiske språk | uigurisk | usbekisk | salarsk |
vesttyrkiske språk | basjkirsk | karatsjaiisk | karaimsk | kumyksk | tatarisk | barabask | krimtatarisk |
sentraltyrkiske språk | nogaisk | karakalpakisk | kasakhisk | kirgisisk |
nordtyrkiske språk | jakutisk | dolgansk | khakassisk | altaisk | nordaltaisk | tsjulymsk | sjorisk | tuvinsk | karagassisk |