Umesamisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umesamisk | ||
Klassifisering: | Uralsk samisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Noreg, Sverige | |
Område: | Nordland, Västerbotten | |
Umesamisktalande i alt: | 20 | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | ikkje skriftspråk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | ||
ISO 639-2: | smi (andre samiske språk) | |
SIL | LPB |
Umesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Dei få talarane som er att bur i Sverige. Tidlegare vart det snakka også på norsk side. Umesamisk dannar i lag med sørsamisk den sørlege greina av dei samiske språka, desse to utgjer "sørsamisk i vidare forstand". Til skilnad frå sørsamisk er umesamisk bortimot utdøydd.
[endre] Grammatikk
Umesamisk har, som sørsamisk, ikkje stadieveksling. Derimot har umesamisk det same omlydsfenomenet som det sørsamisk har. Det umesamiske negasjonsverbet blir bøygd i tempus.
[endre] Historie
Umesamisk var det samiske språket som først vart skriftfesta, all litteratur skrive på samisk på 1600-talet vart skrive på umesamisk. Det nye testamentet kom på umesamisk i 1755, og den første samiske bibelen, frå 1811, var også på umesamisk. Dette gjev umesamisk ein sentral posisjon i samisk språkhistorie.
[endre] Litteratur
Schacter: Wörterbuch des waldlappischen dialektes von Malå.
Samiske språk |
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |