Vitamin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vitaminar er livsnødvendige stoff som trengst i små, men ikkje mindre viktige, dosar. Vitamina bidreg særlig i stoffskiftereaksjonar.
[endre] Oppdeling
Dei forskjellige vitamina er A, B, C, D, E og K. Her er også åtte ulike B-vitamin med, som gjerne vert omtala under eitt som «vitamin B-gruppa».
Det finst både vassløyselege og feittløyselege vitaminar.
[endre] Ordsoge
Ordet vitamin kjem frå det latinske vita, som tyder ‘liv’, og amin, ettersom ein først trudde dei tilhøyrde denne stoffgruppa.
![]() |
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |