Walisisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walisisk (kymrisk) (Cymraeg) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Storbritannia | |
Område: | Wales, (Chubut-Tal i Argentina) | |
Walisisk (kymrisk)talande i alt: | over 580.000 | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Wales | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | cy | |
ISO 639-2: | wel | |
ISO 639-3: | wel/cym | |
SIL | wls |
Walisisk (også kymrisk, eige namn Cymraeg eller — med artikkel — y Gymraeg) er eit p-keltisk språk, og høyrer saman med dei bretonske og korniske, til den britanniske undergruppa av dei keltiske språka. Det blir snakka i Wales av ca 580.000 menneske, noko som gjer det til det største keltiske språket. I Wales er walisisk, attmed engelsk, offisielt språk og skulespråk. Det finst to dialektar, ein nordleg og ein sørleg.
Til skilnad frå bretonsk er walisisk svært levande, det blir vidareført til barn som morsmål, og det blir brukt i alle samfunnsmessige situasjonar. Perspektiva for å halde på språket er dermed relativt gode. Walisisk blir snakka i samanhengande område, i nord er dei også i fleirtal, med opptil 70 %. I løpet av dei siste ti åra er den prosentvise delen av talarar konstant, men i absolutte tal er det ein svak framgang. I Wales er det ei eiga folkeforsamling, National Assembly for Wales / Cynulliad Cenedlaethol Cymru, som er aktivt når det gjeld åtgjerder for bevaring av walisisk. Språket fungerer også som eit symbol for walisarar, også for dei som ikkje kan walisisk.
Etter folketeljinga i 2001 snakkar over 20 % av walisarane språket. 7 % av folket oppgav å ha i det minste noko kunnskap i walisisk. Dermed kan vel 70 % av walisarane ikkje forstå walisisk i det heile. At utsiktene til å halde på språket likevel er gode, kjem framfor alt av at engelsk stort sett berre blir funne i byane, mens walisisk blir snakka på store delar av landsbygda. Sjølv om det bur færre menneske på landsbygda, bur mange av dei i heilt walisiskspråklege samfunn.
I tillegg til i Wales blir walisisk snakka i Chubut-Tal i den argentinske provinsen Chubut i Patagonia.
Innhaldsliste |
[endre] Skriftspråk
Sjå også: Uttale av walisisk språk
Det walisiske skriftspråket er relativt konservativt. Alfabetet består av desse bokstavane (merk digrafane):
a b c ch d dd e f ff g ng h i j l ll m n o p ph r rh s t th u w y
ch, dd, ff, ng, ll, ph, rh og th fungerer som einskildbokstavar, og blir også alfabetisert som det i ordbøker. k, q, v, x og z blir ikkje brukt i walisiske ord; j opptrer berre i engelske lånord. Vokalar kan vere kort eller lang. Kort er alle ubetonte Vokalar, unntatt når dei er markert med grav aksent (à, è osb.). Lang er betonte Vokale foran b, ch, d, dd, f, ff, g, s, th, enkel n, enkel r; unntatt når dei er markert med ein Sirkumfleks (â, ê osb.).
[endre] Grammatikk
[endre] Fonologi
Trykket ligg på nest siste staving, med eit par unntak: brénin = „konge“, brenhínes = „dronning“, breninésau = „dronningar“. Eitt av desse unntaka er Cymráeg = „walisisk“.
[endre] Konsonantar
Walisisk har desse konsonantfonema:
Bilabial | Labiodental | Labiovelar | Dental | Alveolar | Alveolar lateral |
Postalveolar | Palatal | Velar | Glottal | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosiv | p b | t d | k g | |||||||
Affrikat | tʃ dʒ | |||||||||
Nasal | (m̥) m | (n̥) n | (ŋ̊) ŋ | |||||||
Frikativ | f v | θ ð | s (z) | ɬ | ʃ | x | h | |||
Trill | r̥ r | |||||||||
Approksimant | w | l | j |
/z/ opptrer berre i uassimilerte lånord; ustemte nasalar /m̥/, /n̥/, /ŋ̊/ opptrer berre som resultat av initial konsonantmutasjon.
[endre] Endringar i framlyd
Eit særtrekk ved walisisk, og ved andre øykeltiske språk, er framlydsmutasjonen (engl. initial mutations, wal. treigladau). Under visse vilkår blir den initiale konsonanten i eit ord erstatta med ein annan konsonant.
Framlydsmutasjonen kan bli utløyst av ordet til venstre (artikkel, possessivpronomen, preposisjon), eller via den syntaktiske posisjonen eller funksjonen ordet har i setninga (subjekt, objekt, adverbial).
Det finst ulike typar framlydsmutasjonar: Leniering (soft mutation, treiglad meddal), Nasalisering (nasal mutation, treiglad trwynol) og aspirasjon (aspirate el. spirant mutation, treiglad llaes).
Possessivpronomenet i 2. person eintal dy („din“) løyser ut lenisering; 1. person eintalfy („min“) utløyser nasalisering; og 3. eintal feminin ei („hennar“) aspirasjon.
Tabellen nedanfor viser effektane av framlydsmutasjonen (i.f. = ikkje forandring, dvs, grunnforma blir brukt):
Grunnform | Leniering | Nasalisering | Aspirering |
---|---|---|---|
pen – „hovud“ | dy ben | fy mhen | ei phen |
tad – „far“ | dy dad | fy nhad | ei thad |
ci – „hund“ | dy gi | fy nghi | ei chi |
brawd – „bror“ | dy frawd | fy mrawd | [i.f.] |
dant – „tann“ | dy ddant | fy nant | [i.f.] |
gwallt – „hår“ | dy wallt [1] | fy ngwallt | [i.f.] |
mam – „mor“ | dy fam | [i.f.] | [i.f.] |
llaw – „hand“ | dy law | [i.f.] | [i.f.] |
rhan – „del“ | dy ran | [i.f.] | [i.f.] |
[1] g forsvinn som følgje av leniskering.
[endre] Syntaks
Den normale, umarkerte ordstillinga i walisisk er Verb – Subjekt – Objekt, walisisk er eit VSO-språk:
Rhoddodd | yr | athro | lyfr | i'r | bachgen. |
Gav | læraren | [ei] bok | [til] | guten |
„Læraren gav guten ei bok.“
Adjektiv kjem som regel etter substantivet som det står til:
y | ddraig | goch |
[den] | drage | raud |
„den raude dragen“
[endre] Substantiv
Walisisk skil mellom maskuline og feminine substantiv. Genusskilnaden er synleg berre i Singular.
Plural kan bli danna på ulike måtar:
- med å leggje til eit pluralsuffiks: afal „eple“ – Pl. afalau;
- med omlyd: Cymro „Walisar“ – Pl. Cymry;
- med suffiks og omluyd: nant „elv“ – Pl. nentydd.
- Mange substantiv avleier singularisforma av pluralisforma ved å leggje til eit suffiks (såkalla. singulative):
- sêr „stjerner“ – Sg. seren
- adar „fuglar“ – Sg. aderyn
[endre] Adjektiv
Ei lita gruppe adjektiv har eigne feminine former
- trwm „tung“ – fem. trom
- gwyn „kvit“ – fem. gwen
Genusbøyinga av adjektiv er ikkje stabil.
Walisisk gradbøyer adjektiva i komparativ, superlativ og ekvativ („så … som“):
Positiv | Ekvativ | Komparativ | Superlativ |
---|---|---|---|
teg | (cyn) deced | tecach | tecaf |
vakker | så vakker | vakrare | vakrast- |
[endre] Preposisjonar
Walisisk bøyer preposisjonane sine:
Sg. | Pl. | |
---|---|---|
1 | arnaf – „auf mir“ | arnom – „auf uns“ |
2 | arnat – „auf dir“ | arnoch – „auf euch“ |
3 | m. arno – „auf ihm“ | arnynt – „auf ihnen“ |
f. arni – „auf ihr“ |
[endre] Litteratur
- Britta Schulze-Thulin: Walisisk – Wort für Wort, 192 Seiten, Reise Know-How Verlag, ISBN 3894165715
[endre] Bakgrunnstoff
- http://www.bbc.co.uk/wales/learnwelsh/index.shtml – Die Website Learn Welsh der BBC med umfangreichem Lernmaterial.
- http://www.statistics.gov.uk/downloads/census2001/Report_on_the_Welsh_language.pdf – Ergebnisbericht der britisken Volkszählung 2001 speziell zur walisisken språk
- Geiriadur Prifysgol Cymru (University of Wales Dicsjonary of the Welsh Language) http://www.cymru.ac.uk/geiriadur; http://www.cymru.ac.uk/geiriadur/gpc_pdfs.htm
- The University of Wales Centre for Advanced Welsh and Celtic Studies
[endre] Kjelde
- Tysk wikipedia
Keltiske språk |
Q-keltisk: irsk | skotsk gælisk | mansk |
P-keltisk: walisisk | bretonsk | kornisk | cumbrisk | piktisk |
Kontinental keltisk: keltiberisk | galatisk | norisk | lepontisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |