Abort-motstandernes liste
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abort-motstandernes liste er eit politisk parti som stilte til val i 7 fylke ved stortingsvalet 2005. Partiet si einaste sak var kamp for å totalforby abort.
Toppkandidatane i alle fylka var dei kjenda abortmotstandarprestane Ludvig Nessa og Børre Knudsen. Ein annan kjend abortprest, Per Kørner, sto på Abort-motstandernes liste i nokre fylke og Kristent Samlingsparti si liste i andre. Ivar Kristianslund, tidlegare formann i Kristent Samlingsparti, sto på tredjeplass på abormotstandarlista i alle fylke der ho stilte. Alle som sto på listene var menn, ikkje ei einaste var kvinne. Abortmotstandarane skapte reaksjonar i valkampen, då dei sende plastmodellar av foster saman med bilete av blodige, aborterte foster til tilfeldige veljarar som valkampmateriell. [1]
Abort-mostandernes liste fekk 1 934 røyster, noko som utgjorde 0,07 % av røystene ved stortingsvalet. Ingen representantar vart valde inn på Stortinget. Resultata deira i einskilde fylke var:
- Aust-Agder: 0,22 %
- Rogaland: 0,21 %
- Vest-Agder: 0,19 %
- Hordaland: 0,17 %
- Østfold: 0,16 %
- Akershus: 0,09 %
- Oslo: 0,08 %
Politiske parti i Noreg: | ||||||
Sosialistisk Venstreparti | Arbeidarpartiet | Senterpartiet | Venstre | Kristeleg Folkeparti | Høgre | Framstegspartiet |
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Fedrelandspartiet | Kristent Samlingsparti | Kystpartiet | Det Liberale Folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet dei grøne | Naturlovpartiet | Norges Kommunistiske Parti (NKP) | Norsk Republikansk Allianse | Pensjonistpartiet | Pilsens Samlingsparti | Raud Valallianse | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | ||||||
|
||||||
[endre] Kjelder
- Vallister frå Statistisk Sentralbyrå
- Valresultat frå Stortinget.no