Fedrelandspartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fedrelandspartiet | ||
Partileiar: | Arild Kibsgaard | |
Oppretta: | 1990 | |
Ideologi: | Sjå under Politikk | |
Farge: | ||
Hovudkontor: | Oslo |
|
Epost: | flp@fedrelandspartiet.no | |
Nettstad: | www.fedrelandspartiet.no | |
Ungdomsorganisasjon: | Fedrelandsungdommen | |
Partiavis: | Fedreland | |
Internasjonal tilknyting: | ? | |
Europeisk tilknyting: | ? | |
Ordførarar: 0 | ||
Kommunestyrerepresentantar: 0 | ||
Fylkestingsrepresentantar: 0 | ||
Stortingsrepresentantar: 0 | ||
Medlemstal: ? | ||
Fedrelandspartiet er eit norskt parti, som vart stifta 17. mai 1990. Partiet kallar seg eit verdikonservativt nasjonalistisk parti som definerer sitt idegrunnlag som å verne om Noregs nasjonale interesser, og forsvare og vidareutvikle den norske og kristne kulturarv med basis i ei demokratisk grunnhaldning. [1] Fedrelandspartiet vert ofte skulda for å vera eit rasistisk parti. Fleire personar som har stått på Fedrelandspartiet sine lister ved stortingsval har vore arresterte i samband med nynazisme. [2] Partiet gir ut medlemsbladet Fedreland to gonger i året.
Innhaldsliste |
[endre] Politikk
Som hovudsak arbeidar partiet for å avgrense innvandring til Noreg. Partiet nytter mellom anna menneskerettskonvensjonen som argument for eit nasjonalitetsprinsipp basert på at det ikkje skal vera store forflyttingar av folk mellom nasjonalstatane. Såleis er Fedrelandspartiet mot norsk medlemsskap i EU.
[endre] Struktur
[endre] Rådet
Rådet er partiets høgaste organ i den forstand at Rådet skal godkjenne alle endringar i ideologisk verdigrunnlag samt partiet sine vedtekter. Rådet er ikkje demokratisk valgt, men er sett saman av partistiftarane og kan supplere seg sjølv.
[endre] Sentralstyret
Fedrelandspartiet er organisert i eit sentralstyre som har den daglege drifta av partiarbeidet. Sentralstyret velgjast av landsmøtet og har ein formann, nestformann, kasserar og sektretær, i tillegg til eit varierande antal styremedlemmer. Eitt av styremedlemma kjem frå Rådet.
[endre] Landsmøtet
Landsmøtet er sett saman av landsstyret, Rådet og eit antal representantar frå kvart fylkeslag, samt partiet sine eventuelle stortingsrepresentantar. Til vanleg vert landsmøte halde ei dei åra det ikkje er offentlege val.
[endre] Landsstyre
Landsstyret er sett saman av sentralstyret og formennene i fylkeslaga. Styret blir kalla saman av sentralstyret når dette finn det naudsynt.
[endre] Fylkeslag
Fylkeslag blir oppretta fylkesvis og godkjende av sentralstyret.
[endre] Lokallag
Lokallag blir hovudsakleg oppretta for kvar kommune og godkjende av det aktuelle fylkeslag sitt styre.
[endre] Historie
Fedrelandspartiet vart skipa 17. mai 1930 i Bergen. Ved stortingsvalet 1993 fekk partiet 0,5 % av røystene, noko som er det beste valresultatet i etterkrigstida for eit ytterleggåande innvandringsfiendtlig parti. I februar 1995 var fleire av Fedrelandspartiet sine kandidatar til stortingsvalet i 1993 mellom dei arresterte då maskerte menn skaut mot eit demonstrasjonstog. Ved stortingsvalet 2005 stilte Fedrelandspartiet ikkje til val. Fleire medlemer, inkludert nestleiaren Bjarne Betten, stilte til val for Demokratane.
[endre] Statistikk
[endre] Partileiarar
[endre] Valoppslutning
[endre] Kommuneval
[endre] Fylkesval
- 1991 - Hordaland fylkesting: 1 repr. [6]
- 1995 - Ingen repr. [7]
- 1999 - Stilte lister til alle fylkesting. Ingen repr. [8]
[endre] Stortingsval
- 1993 - Stilte lister i alle fylke. 11 694 stemmer (0,5%): 0 repr. [9]
- 1997 - Stilte lister i alle fylke. 3 775 stemmer: 0 repr. [10]
- 2001 - Stilte lister i alle fylke. 2 353 stemmer: 0 repr. [11]