Samfunnspartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om det eksisterande partiet Samfunnspartiet For partiet med same navn som var representert på Stortinget på 1930-talet, sjå Samfundspartiet
Samfunnspartiet er namn på eit mindre politisk parti i Noreg. Partiet vart grunnlagd i 1985 av Øystein Meyer Johannessen. Partiet har skildra seg sjølv som anarkistisk og bygd på bodskapen om nestekjærleik frå Det Nye Testamentet og humanistisk respekt for menneskeverdet.
Partiet har mellom anna hatt kjendisadvokaten Tor Erling Staff som kandidat. I 1995 stilte kunstnaren Ludvig Eikaas til val som ordførarkandidat for partiet i Oslo. Andre partinominasjonar skal ha blitt gjort utan at dei nominerte visste om det; mellom anna blei biskop Øystein I. Larsen, tidligere medlemmer av Kystpartiet og redaktører i fleire aviser nominert til valet i Nordland i 2005 mot sin vilje.
Johannesen og Samfunnspartiet har i samband med særleg stortingsval nytta utradisjonelle metodar for å få merksemd. Særleg i 2005 fekk partiet stor merksemd etter at det vart parkert ein immitert bombebil med krigstrugsmål skrivne med arabisk skrift på sidene. Under stortingsvalet same året fekk partiet desidert minst oppslutnad, med til saman 42 stemmer på landsplan.
[endre] På verdsveven
- NRK: Politiutrykning til NRK (5. september 2005)
- NRK: NRK-trussel var politisk stunt (6. september 2005)
- Dagbladet: Derfor parkerte de «bombebilen» (6. september 2005)
- TV2 Nettavisen: Her er Norges minste parti (13. september 2005)