Al-Qaida
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Qaida (arabisk القاعدة, 'grunnlaget') er ein islamistisk terrororganisasjon, best kjend for spektakulære bombeåtak mot sivile mål.
Al-Qaida blei grunnlagd av Osama bin Laden i 1988 for å sameina arabarar som kjempa i Afghanistan den mot sovjetiske invasjonen av landet.
I dag er organisasjonen sett saman av eit globalt nettverk av terrorgrupper. Al-Qaida har utvikla ei ny form for terroraksjonar som overraskar og sjokkerer. Målet er å ta mange liv og spre frykt i samfunna dei slost mot. Nettverket kom for alvor i søkelyset etter terroraksjonane mot World Trade Center og Pentagon den 11. september 2001, der 2 752 menneske blei drepne.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |