Gulatinget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Ingen kan sikkert seie når det fyrste Gulatinget vart halde, så langt attende i tida går ikkje vår skrivne historie. Men vi veit at Alltinget på Island frå tidleg på 900-talet, hadde Gulatinget som førebilete. Frå området frå Lyngør i sør, til nord for det som i dag er Ålesund, kom det sendemenn til tingstaden i Gulen. Gulatingslova gjaldt òg for fjellbygdene i Valdres og Hallingdal og vestover til Færøyane.
Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og lova kom til å setje sitt preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Noreg i dag er framleis tufta på dei gamle Gulatingslovene.
Til det årlege Gulatinget møtte kongen, hersar, bønder og deira lovseiemenn. Tinget vart styrt av kongen sin Lagmann og dei utsende lovseiemennene. Gjennom tingingar vart lovane til. Saker vart ført fram og rettsavgjerder fall. Dei vart vedteke med våpentak: Ved slag av våpen mot våpen. Slik kan vi tenke oss at Gulatinget vart halde.
Gulatinget vart halde i Gulen (Eivindvik) like sør for munninga av Sognefjorden, inntil det vart flytt til Bergen mot slutten av 1200-talet. Då var Gulen nordlegaste bygd i Hordaland fylke, men i våre dagar er Gulen den sørlegaste kommunen i Sogn og Fjordane fylke.
Av Gulatinget kjem nemninga "Gulating lagmannsrett". Lagmannsretten har hovudsete i Bergen.
Andre tingsete: Frostatinget, Øyratinget, Eidsivatinget og Borgartinget.
Med utgangspunkt i historia rundt Gulatinget, blei Republikken Gulating oppretta som ein "sjølvstendig stat" 4. juni 2005. Dei som står attom republikken Gulating hevdar at området under Gulatinget var ei levande statsdanning i 400 år før kong Magnus Lagabøte fekk vedteke ei felles lov for heile det norske kongedømmet i 1274. Landslova er kalla Magnus Lagabøtes landslov.
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- Gulatinget, Tusenårsstaden i Sogn og Fjordane
- Gulatinget i Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane
[endre] Litteratur
(Sjå under Gulatingslova)