Hongkong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Status | Spesiell administrativ region i Folkerepublikken Kina | ||||
Chief executive | Donald Tsang | ||||
Hovudstad | Hongkong | ||||
Offisielt språk | Engelsk, Kinesisk (kantonesisk) | ||||
Areal - % vatn |
1104 km² 4,6 % |
||||
Folketal - totalt |
ca. 7 041 000 (2005) |
||||
Verdsdel | Asia | ||||
Internet-domene | .hk | ||||
Tidssone | UTC +8 | ||||
Internasjonal telefonkode | +852 | ||||
Nasjonalsong | Dei Frivillige Sin Marsj (義勇軍進行曲) |
Hongkong (Xiānggǎng eller Heunggong) er ein spesiell administrativ region i sør i fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong. Hongkong ligg på ei halvøy som kallast dei nye territoria og på øya Hong Kong. Hongkong har omlag 6,8 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US$, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.
[endre] Historie
Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav den året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som vaks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg for å forlange området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtalen slo fast at Hong Kong fekk rett til å fortsette med kapitalistiske økonomi og demokratiske styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |