Kurdistan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kurdistan er eit område i Midtausten, der det hovudsakleg bur kurdarar. Landområdet dekkjer delar av Tyrkia, Irak, Iran, Armenia, og Syria. Då Det osmanske riket blei delt mellom Storbritannia, Tyrkia og andre land ved Sèvres-avtalen i 1920, blei det gjort framlegg om å gjera Kurdistan til eit eige land. Det blei med orda, truleg fordi ein frykta at eit samla Kurdistan ville få for stor makt i områda. Sidan då har kurdiske grupper kjempa for sjølvstende i dei ulike landa dei høyrer til, medan landa har kjempa imot dei, for å sleppa å avstå landområde til eit nytt Kurdistan.
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
Kategoriar: Geografispirer | Spirer 2007-04 | Kurdarar | Tyrkia | Iran | Irak | Armenia | Syria | Kurdistan