Colombia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Columbia, eit namn knytta til mykje i eller frå USA.
|
|||||
Nasjonale motto: spansk: Libertad y Orden (fridom og orden) | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Spansk | ||||
Hovudstad | Bogotá | ||||
Styresett |
Republikk Álvaro Uribe |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 138 910 km² (26.) 8,8 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
42 954 279 (27.) — 38/km² (134.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Spania 20. juli 1810 7. august 1819 |
||||
BNP - Totalt (20025) - Per innbyggjar |
336,808 mrd. USD (29.) 7 303 USD (82.) |
||||
Valuta | Colombiansk peso | ||||
Tidssone | UTC -5 | ||||
Nasjonalsong | Oh Gloria Inmarcesible! | ||||
Nasjonaldag | 20. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +57 | ||||
Nasjonale toppdomene | .co | ||||
Colombia er ein republikk i det nordvestlege Sør-Amerika som grensar til Panama i nordvest, Det karibiske havet i nord, Venezuela i aust, Brasil, Peru og Ecuador i sør og Stillehavet i vest.
[endre] Klima
Colombia har tropisk klima, men dei høgareliggande områda kan ha litt andre klimaforhold. På Stillehavskysten, og i dei lågare sidene av dei vestlege Andesfjella har ein regnmengder på over 2500 mm, og fleire stader meir enn 5000 mm i året. Alle månadane her er våte. Temperaturane og fukta held seg høg året rundt og klimaet er generelt lummert og trykkande. Noko uvanleg er det derimot at det meste av regnet kjem om natta, men ein har òg ein god del torevêr på ettermiddagen.
Kystområda langs Det karibiske havet er derimot ikkje så våte, og her er det tørrast frå desember til mars. Området er òg varmt og fuktig. Mot aust av denne kysten er regnmengdene låge for å vere eit tropisk kystområde.
Det meste av dei sentrale områda av Colombia er fjellområde, og dei høgaste toppane i Andesfjella her stig til over 5000 m. Fjella utgjer ei rekkje fjellrekkjer mellom dei store elvene Magdelenaelva og Caucaelva som strøymer nordover i dei vide dalane. Temperaturane her er avhengig av høgda. Fjellområda over 4500 m får mesteparten av nedbøren sin som snø, og heile området får om lag 1000-2500 mm nedbør på eit år, og nedbøren er jamt fordelt gjennom året.
I Bogotá er nettene kjølege, men sjeldan verklege kalde, og frost har ein nesten aldri. Dagane har fine temperaturar, men det vert sjeldan svært varmt. Ein har ofte skya vêr og regn om ettermiddagen.
Låglandet i austlege delar av landet er mindre folkesett og lite utvikla. Klimaet her er varmt året gjennom med ein god del nedbør, om lag 2000-2500 mm i året. Som i andre områder av det nordlege Amazonasbekkenet har ein hovudsakleg to våtare perioder, ei frå desember til januar og ei i april og mai.
Sør-Amerika |
Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |