Svarte hòl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svarte hòl er nemninga på kosmiske objekt (massive klumpar, rester av stjerner) med ovstor tettleik.
Dei vert danna når supernovaer med minst 10 solmassar bryt saman. Dei er som regel nokre få kilometer i diameter, men har så stor gravitasjon at ingen ting, ikkje ein gong lys (elektromagnetisk stråling – fotonar, som har masse) slepp unna. Derfor kan ein ikkje sjå dei, noko som har gitt dei namnet "svarte hol". Sjølve den massive klumpen er mindre enn eit atom, resten av hòlet består av gravitasjonsfeltet som er så sterkt at lyset ikkje slepp unna. Men viss det er usynleg, korleis kan ein då oppdage dei? Når eit objekt, til dømes ei stjerne, kjem for nære tyngdefeltet til hòlet, vil det byrje å trekkje til seg gass frå stjerna. Når gassen blir komprimert før han blir sogen inn, blir han varma opp til enorme temperaturar, og gjev frå seg røntgenstråling som kan registrerast med radioteleskop. Dessutan kan ein sjå at i utkanten av tyngdefeltet blir lyset frå andre objekt bøygd av.
Stephen Hawking utarbeidde i 1974 ut ein teori om at svarte hòl faktisk kan fordampe. I fylgje Einsteins likning e=mc^2, kan energi omdannast til masse. Rundt eit svart hòl kan dei enorme gravitasjonskreftene gjere at partikkelpar (ein partikkel og ein antipartikkel) oppstår spontant. Om dei ikkje utslettar kvarandre, men i staden fråstøyter kvarandre slik at den eine partikkelen fyk tilbake i hòlet og den andre ut frå hòlet, kan partikkelen sleppe unna, og såleis mistar hòlet litt masse, det «fordampar». Når tilstrekkeleg mange partiklar slepp unna over mange år, vil til slutt hòlet ha mista så mykje masse at tyngdekreftene blir for små til å halde det saman, og det eksploderer.