The Beatles
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg romanen Beatles
The Beatles | ||
![]() The Beatles landar i USA i 1964. |
||
Land | Liverpool i England | |
Aktive år | 1960-1970 | |
Sjanger | Pop, Rock and roll, Psykedelisk rock | |
Selskap | Parlophone Capitol Apple Vee-Jay Polydor |
|
Internettside | www.beatles.com | |
Medlemmer | ||
John Lennon (1960-1970) Paul McCartney (1960-1970) George Harrison (1960-1970) Ringo Starr (1962-1970) |
||
Tidlegare medlemmer | ||
Pete Best (1960-1962) Stuart Sutcliffe (1960-1961) |
The Beatles var ei britisk rockegruppa frå Liverpool; medlemene var John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr. Desse fire utgjorde ei gruppa som er mellom dei mest kommersielt vellukka og kritikarroste gruppone i historia, og den oppfinnsame musikken og dei kulturelle ringverknadene dei laga hjelpte til å forma 1960-talet.
The Beatles var den musikkartisten som selde mest i det 20. århundret. I Storbritannia sleppte dei meir enn 40 ulike singlar, album og EP-ar som alle nådde fyrsteplass. Denne kommersielle suksessen vart gjenteken i mange andre land: plateselskapet deira, EMI, overslo i 1985 at dei hadde selt over ein milliard plater eller teipar over heile verdi. Recording Industry Association of America, ein amerikansk organisasjon for platebransjen, stadfeste at The Beatles er den mestseljande gruppa gjennom alle tider rekna ut på grunnlag av sal av singlar og album i USA.
The Beatles utgjorde ein viktig og stor del av fenomenet som vart kalla ’The British Invasion’, og som skylde innover USA midt på 1960-talet. Sjølv om den opphavlege musikkstilen deira hadde røter i rock’n’roll-en frå 1950-talet, utforska gruppa etter kvart eit vidt spekter av sjangrar; alt frå Tin Pan Alley-musikk til psykedelisk rock (det vert sagt at ”Helter Skelter” er den fyrste tungmetall-låti nokosinne). Kledi deira, hårfrisyrane deira og meiningane dei gav uttrykk for gjorde dei til moteskaparar, samstundes som det veksande sosiale medvitet deira syrgde for at påverknadskrafti deira strekkjer seg inn i dei sosiale og kulturelle revolusjonane som hende på 1960-talet.
Innhaldsliste |
[endre] 1957-1960: The Beatles vert til
I mars 1957 skipa John Lennon ei skiffle-gruppa – skiffle er ein amerikansk folkemusikkstil som til dels eller berre vert spela på ”ikkje-instrument”, som til dømes muggor, vaskebrett eller jødeharpor osv. – ved namn The Quarrymen medan han gjekk ved Quarry Bank Grammar School i Liverpool. Lennon og the Quarrymen møtte gitaristen Paul McCartney ved Woolton Garden Fête ved St. Peter’s Church den 6. juli 1957. Den 6. februar 1958 vart den unge gitaristen George Harrison innbydd til å sjå gruppa (som spela under mange ulike namn) i Wilson Hall, Garston, Liverpool. McCartney var vorten kjend med Harrison gjennom reisor med morgonskulebussen til Liverpool Institute sidan båe budde i Speke. Etter McCartneys ynske vart Harrison med i The Quarrymen som sologitarist etter ei øving i 1958, etter å ha kome over den opphavlege motviljen Lennon synte på grunn av den unge alderen åt Harrison. Medlemer kom og gjekk frå gruppa i denne perioden. Harrison vart fylgd av Lennons ven frå kunstskulen, Stuart Sutcliffe, på bass.
The Quarrymen gjennomgjekk ei rekkja namn, – ”Johnny and the Moondogs”, “Long John and the Beatles”, “The Silver Beetles” (som stamma frå Larry Parnes’ forslag “Long John and the Silver Beetles”) – og enda til slutt opp med ”The Beatles”. Det finst mange teoriar kring korleis dette namnet vart til og kvifor det er stava slik (beetle på engelsk tyder billa); men æra fell oftast på Lennon, som sa at namnet var ei blanding av ordspel på insekti ”beetles” (som ein kompliment til Buddy Hollys gruppa The Crickets) og ordet ”beat”. Cynthia Lennon føreslo at Lennon kom på namnet Beatles ”ein kveld over eit øltilsølt bord i Renshaw Hall-baren…” Lennon sa òg at ”[dersom du] snur det rundt, vert det ’les beat’, som kling fransk og stilig. Lennon – som var velkjend for å fortelja ulike utgåver av same historia – skreiv i 1961 i ein spøkefull artikkel i Mersey Beat at ”[det] kom i eit syn – ein mann dukka opp på ein brennande pai og sa til dei: ’Frå no av er de Beatles med ein A’.”
I mai 1960 var The Beatles på turné i søraust-Skottland som støtteband for songaren Johnny Gentle. Dei møtte Gentle ein time før den fyrste konserten deira, og McCartney refererte til turnéen som ei stor røynsla for gruppa. Til turnéen sikra det ofte trommeslagarlause bandet seg tenestene åt Tommy Moore, som var vesentleg eldre enn dei andre. Snøgt etter turnéen fann likevel Moore ut at, som fylgja av at aldersskilnaden var for stor, at det ville vera for det beste å slutta i bandet. Han gjekk attende til arbeidet sitt på eit tapperi, der han arbeidde som gaffeltrøkk-sjåfør. Norman Chapman var den neste trommeslagaren i gruppa, men vart innkalla til verneplikt etter eit par vekor. Avreisa hans førte til ein viss grad til problem for gruppa i og med at den uoffisielle forretningsføraren deira, Allan Williams, hadde avtala at dei skulle halda konsertar i klubbane i Reeperbahn i Hamburg, Tyskland.
[endre] 1960-1970: The Beatles
Den 16. august 1960 innbydde Paul McCartney Pete Best til å verta fast trommeslagar i The Beatles etter å ha sett Best spela med The Blackjacks i The Casbah Club. Dette var ein kjellarklubb styrd av Bests mor Mona i West Derby, Liverpool, der The Beatles ofte hadde spela. I dokumentaren The Compleat Beatles sa Williams at Best ”ikkje var so flink, men brukande.”
The Beatles byrja i Hamburg med å spela i barane Indra og Kaiserkeller. Det vart kravd av dei at dei skulle spela seks eller sju timar kvar kveld, sju kveldar i veka. Kort etterpå byrja dei spela ein ny stad, ”Top Ten Club”. Harrison vart send ut av landet fordi han hadde loge til dei tyske styremaktene om alderen sin. Snøgt etter dette vart McCartney og Best arresterte, sikta for brannstifting, etter at dei hadde laga eit lite bål inne på romet på hotellet. Dei vart so sende ut av landet. Til sist kom Lennon og Sutcliffe attende til Liverpool i desember.
Då dei var samla att, spela dei det fyrste oppdraget sitt den 17. desember 1960 på Casbah Club og drog attende til Hamburg i april 1961. Medan dei spela på Top Ten, hadde dei vorte rekrutterte til å vera støttemusikarar for songaren hans i ei rekkja innspelingar for den tyske etiketten Polydor Records, som skulle produserast av den kjende bandleiaren Bert Kämpfert. Kämpfert skreiv plateavtale med dei den fyrste studiodagen, 22. juni 1961. Den 31. oktober sleppte Polydor innspelingi ”My Bonnie (Mein Herz ist bei dir nur)”, som dukka opp på dei tyske listone under artistnamnet „Tony Sheridan and the Beat Brothers”. Dette var eit generisk namn som vart nytta uansett kven som var i støttebandet åt Sheridan. I tillegg til legenden om at denne fyrste utgjevingi førte til at gruppa møtte Brian Epstein, resulterte det òg i at gruppa vart nemnd i amerikansk pressa for fyrste gong. Kring byrjingi av 1962 nemne Cashbox ”My Bonnie” som debuten åt ”eit nytt rock’n’roll-team, Tony Sheridan and the Beatles”. Nokre kopiar vart òg pressa under Decca-etiketten for amerikanske platespinnarar, med di Decca hadde ein distribusjonsavtale med moderselskapet åt Polydor, Deutsche Grammofon. (Dette var ironisk når ein tenkjer på at den britiske avdelingi av Decca hadde nekta The Beatles platekontrakt tidlegare.) Sutcliffe vart verande att hjå Astrid Kirchherr då det var på tide å reisa attende til Liverpool, so Paul McCartney tok over som bassist.
Det tredje opphaldet deira i Hamburg var frå 13. april til 31. mai 1962, då dei opna The Star Club. Då dei kom dit, fekk dei vita at Sutcliffe hadde døydd av hjernebløding.
Brian Epstein – forretningsføraren av ”plateavdelingi” av NEMS, møbelbutikken åt foreldra hans – tok over som manager for gruppa i januar 1962 og leidde Beatles i jakti på britisk platekontrakt. I ei brevveksling – som no er ganske vidgjeten – avslo søknaden kontant med desse ordi: ”Gitargruppor er på veg ut, herr Epstein.” Samstundes var Epstein i forhandlingar med Decca, snakka han òg med EMIs marknadsansverleg Ron White. White (som ikkje sjølv var plateprodusent) tok so kontakt med EMI-produsentane Norrie Parramor, Walter Ridley og Norman Newell, som alle nekta å gjera opptak med The Beatles. White tok ikkje kontakt med den fjerde produsenten EMI hadde tilsett, som var på ferie på dette tidspunktet, George Martin.
[endre] Platekontrakt
Etter å ha mislukkast i å overtyda Decco Records med eit tidleg demoopptak, refererte plateteknikar Jim Foy Brian Epstein vidare til Sid Coleman, som styrte publikasjonsavdelingi av EMI. Då Coleman høyrde demoopptaki, føreslo han at dei skulle ta dei med til George Martin, som – slik Coleman forklårte det – ”produserer humoristiske innspelingar” og leidde Parlophone-etiketten. Epstein møtte etter kvart Martin, som uttrykte interessa for å høyra gruppa i studio. Han innbydde firemannsgruppa til Abbey Road-innspelingslokali for prøvespeling den 6. juni. Martin var ikkje synderleg imponert over demoopptaki åt gruppa, men han likte dei som personar med ein gong han møtte dei. Han konkluderte at dei hadde ”rått musikalsk talent”, men sa (i seinare intervju) at det som utgjorde skilnaden for honom var humoren og viddet dei framsynte i studioet.
Martin hadde likevel eit problem med Pete Best, som han kritiserte for ikkje å klara å oppretthalda tempo. Han føreslo løynleg for Epstein at gruppa skulle nytta ein annan trommeslagar i studio. Best var til dels populær og vart sedd på som kjekk og pen av mange tilhengjarar, men dei tre opphavlege medlemene vart stendig meir og meir misnøgde med populariteten og personlegdomen hans, og Epstein var vorten skikkeleg irritert over korleis Best nekta å tileigna seg den serskilde hårstilen som del av den ”sameinte utsjånaden” deira. Best gjekk òg glipp av ein del avtalar på grunn av sjukdom. Best vart sparka av Epstein den 16. august 1962. Tidlegare hadde dei spurt Ringo Starr (eigentleg Richard Starkey), trommeslagaren i éi av dei leiande Merseybeat-gruppone, Rory Storm and the Hurricanes, som ofte hadde mått ta jobben for Best når han ikkje kunne møta, om han ville verta med i gruppa. Dei hadde tidlegare spela med Starr i Hamburg. Dei fyrste opptaki av Lennon, McCartney, Harrison og Starr i lag vart gjorde so tidleg som 15. oktober 1960, i ei rekkja demoopptak som vart tekne opp privat medan dei var støttegruppa for Lu Walters. Starr spela den andre gongen The Beatles var i studio hjå EMI den 4. september 1962, men Martin hadde leigt inn studiomusikaren Andy White til den neste stuidoavtalen deira 11. september.
[endre] Britiske lanseringar
[endre] LP
- Please Please Me (1963)
- With The Beatles (1963)
- A Hard Day's Night (1964)
- Beatles For Sale (1964)
- Help! (1965)
- Rubber Soul (1965)
- Revolver (1966)
- Sergeant Pepper's Lonely Hearts Club Band (1967)
- The Beatles («The white album») (1968)
- Yellow Submarine (1969)
- Abbey Road (1969)
- Let It Be (1970)
[endre] EP
- Magical Mystery Tour (1967)
[endre] Filmar
- A Hard Day's Night (1964)
- Help! (1965)
- Magical Mystery Tour (1967) (TV)
- Yellow Submarine (1968) (Teiknefilm)
- Let It Be (1970) (Innspelt tidleg 1969)
[endre] Norske lanseringar
[endre] Singlar
- Please Please Me / Ask Me Why (1963)
- From Me To You / Thank You Girl (1963)
- Twist And Shout / Boys (1963)
- She Loves You / I'll Get You (1963)
- I Want To Hold Your Hand / This Boy (1963)
- Can't Buy Me Love / You Can't Do That (1964)
- All My Loving / I Saw Her Standing There (1964)
- Roll Over Beethoven / Please Mister Postman (1964)
- Long Tall Sally / I Call Your Name (1964)
- A Hard Day's Night / Things We Said Today (1964)
- Love Me Do / P.S. I Love You (1964)
- I Should Have Known Better / And I Love Her (1964)
- If I Fell / Tell Me Why (1964)
- I Feel Fine / She's A Woman (1964)
- Rock And Roll Music / Eight Days A Week (1965)
- Ticket To Ride / Yes It Is (1965)
- Help! / I'm Down (1965)
- I'll Follow The Sun / I Don't Want To Spoil The Party (1965)
- Yesterday / Act Naturally (1965)
- Day Tripper / We Can Work It Out (1965)
- Michelle / Girl (1966)
- Paperback Writer / Rain (1966)
- Yellow Submarine / Eleanor Rigby (1966)
- Penny Lane / Strawberry Fields Forever (1967)
- All You Need Is Love / Baby You're A Rich Man (1967)
- Hello Goodbye / I Am The Walrus (1967)
- Lady Madonna / The Inner Light (1968)
- Hey Jude / Revolution (1968)
- Back In The USSR / Don't Pass Me By (1969)
- Get Back / Don't Let Me Down (1969)
- The Ballad Of John And Yoko / Old Brown Shoe (1969)
- Something / Come Together (1969)
- Let It Be / You Know My Name (Look Up The Number) (1970)
- The Long And Winding Road / For You Blue (1970)