Tusen og éi natt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boka Tusen og éi natt (كتاب ألف ليلة و ليلة på arabisk eller هزار و یک شب på persisk) er ei samling av historiar frå Midtausten. Historiane stammar frå middelalderen, og er satt saman til eit heile gjennom ei rammeforteljing.
Historia startar med at den persiske Shahryar, som er konge på ei ikkje namngjeven øy mellom India og Kina, er so sjokkert over utruskapen til kona at han drep ho. Han antar at alle andre kvinner også vil vere utru, og gjev ordre til vesiren om å skaffe seg ei ny brud kvar natt. Etter å ha vore med henne gjennom natta, vert ho avretta ved daggry. Dette fortset heilt til dottera til vesiren, Scheherazade går med på å bli den neste kona til Shahryar. Ho har lagt ein plan, og kvar natt etter bryllaupet fortel ho han historiar. Ho sørger for at kvar morgon er kongen spent på korleis det går vidare, og derfor utset han avrettinga slik at han skal få høyre fortsetjinga. Til slutt har ho født han tre søner og kongen er overtydd om at ho er trufast. Han set difor til side ordren om avretting.
Eventyrsamlinga er i originalversjonen svært erotisk, og fleire stadar nærmast pornografisk, men er gjeven ut i mange meir puritanske versjonar. Dei mest kjende eventyra er Aladdin, Sindbad sjøfararen og Ali Baba og dei 40 røvarane.