Aserbajdsjansk geografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aserbajdsjan ligg i sørvestlege område av Asia med Kaspihavet i aust, Iran i sør, Russland og Georgia i nord, og Armenia i vest. Tre geografiske trekk dominerar Aserbajdsjan: Kaspihavet, der kystlinja dannar den naturlege grensa mot aust, Store Kaukasus i nord, og eit utstrekt lågland i sentrale område.
Aserbajdsjan har eit totalt landareal på om lag 86 000 kvadratkilometer, mindre enn 1 % av arealet til tidlegare Sovjetunionen, som landet var ein del av. Av dei tre transkaukasiske statane har Aserbajdsjan det største landarealet. Aserbajdsjan har to autonome republikkar, Nakhitsjevan som ligg sørvest for Armenia og Nagorno-Karabakh, som ligg innafor Aserbajdsjan. Ein liten del av Nakitsjevan har òg grense til Tyrkia i nordvest. Hovudstaden i Aserbajdsjan er den eldgamle byen Baku, som har den største og beste hamna i Kaspihavet, og som lenge har vore senteret for republikken sin oljeindustri.
Innhaldsliste |
[endre] Topografi og drenering
Høgda endrar seg over ein relativt kort avstand frå låglandet til høglandet, og om lag halvparten av landet vert rekna som fjellområde. På den subtropiske søraustkysten har ein eit åslendt landskap med teplantasjar, appelsin- og sitronlundar. I raviner i fjellet Kobustan nær Baku ligg fleire slamvulkanar og mineralkjelder. Kystterrenget ligg så mykje som 28 meter under havnivå.
Bortsett frå den austlege kystlinja og grenseområda mot Georgia og Iran, er Aserbajdsjan omringa av fjell. I nordaust, på grensa til Russland sin autonome republikk Dagestan, ligg fjellkjeda Store Kaukasus, og i vest, ved grensa til Armenia, ligg Litle Kaukasus. Lengst søraust dannar fjella Talysj grensa med Iran. Det høgaste fjellet i Aserbajdsjan ligg i Store Kaukasus der fjellet Bazarduzu Dagi stig til 4 485 meter (på grensa til Russland).
Åtte store elvar renn frå Kaukasus og ut på det sentrale Kura-Aras-låglandet, ei avleiringsslette og lågt deltaområde langs kysten som har fått namnet sitt frå elvene Kür (Kura) og sideelva hennar Aras. Kür er den lengste elva i Kaukasusområdet, og dannar eit delta som renn ut i Kaspihavet like etter ho renn saman med elva Aras. Mingetsjaur-reservoaret, med eit areal på 605 kvadratkilometer, er den største innsjøen i Aserbajdsjan (om ein ser bort frå Kaspihavet), og vart danna då ein demma opp Kür i vestlege område av landet. Vatnet frå reservoaret vert brukt til vasskraft og vatning av Kura-Aras-sletta. Dei fleste elvene i landet kan ikkje seglast på. Om lag 15 % av Aserbajdsjan er dyrkande.
[endre] Klima
Klimaet i landet er nesten tropisk om sommaren i låglandet, medan vintrane er milde. Ein kan derimot få perioder med kulde frå nord. Fjellområda mot vest er derimot kalde og snørike. Baku har milde vintrar med ein middeltemperatur på 4 °C i januar, og 25 ºC i juli. Det meste av landet får lite nedbør, i snitt mellom 150 og 250 millimeter i året, og jordbruket krev derfor kunstig vatning. Dei største nedbørsmengdene får ein i dei høgare områda av Kaukasus, og i lågareliggande områda i Lenkoran lengst søraust, der den årlege middelnedbøren går over 1 000 millimeter.
[endre] Miljøproblem
Luft- og vassforureining er utbreidd og gjev store utfordingar for den økonomiske utviklinga. Dei største kjeldene til forrureininga er oljeraffineri, og kjemi- og metallurgiindustri, som tidleg på 1990-talet opererte like ineffektivt som dei hadde gjort i Sovjet-tida. Luftkvaliteten er ekstremt dårleg i Baku, der oljeraffineria ligg. Enkelte rapportar har vist at lufta i Baku er den mest forrureina i heile det tidlegare Sovjetunionen, og andre industrisenter har liknande problem.
Kaspihavet, inkludert Bakubukta, har vorte forureina av oljelekasjar og dumping av rein eller dårleg handsama kloakk. Dette har redusert mengda av kaviar og fisk i området. I Sovjet-perioden vart Aserbajdsjan pressa til å bruke store mengder sprøytemiddel for å auke dei subtropiske avlingane for resten av Sovjetunionen. Særleg ille var utbreidd bruk av DDT på 1970- og 1980-talet, sjølv om kjemikaliet offisielt var forbode i Sovjetunionen sidan det var giftig for menneske. Utbreidd bruk av slike kjemikalier og sprøytemiddel har ført til omfattande forrureining av grunnvatnet, og aserbajdsjanske forskarar har knytta nyfødde born med forskjellige sjukdommar og skadar til dette. Vassnivået i Kaspihavet er i ferd med å stige, hovudsakleg på grunn av menneskelege påverknadar, og inntørkinga av innsjøen som føregjekk i fleire tiår er reversert. Dette truar no kystområda, og vassnivå har i snitt stige 1,5 meter mellom 1978 og 1993. På grunn av Nagorno-Karabakh-konflikten, vart store skogområde hogd ned, vegar vart bygd gjennom urørte område, og store jordbruksområde vart okkupert av militære styrkar.
Som andre tidlegare Sovjet-republikkar har Aserbajdsjan enorme miljøproblem å rydde opp i, noko som er vanskeleg på grunn av den dårlege økonomien som det Moskva-sentrerte plansystemet i Sovjetunionen etterlot. Den aserbajdsjanske regjeringa har eit eige miljøutvalg, men på grunn av dårleg økonomi vart det på 1990-talet gjort lite med problema. Tidleg i 1994 vart Aserbajdsjan sponsa av EU for å delta i eit internasjonalt forum for å verne Kaspihavet.
- Naturskadar
- Tørke. Enkelte lågland er trua av stigande vassnivå i Kaspihavet.
- Miljøproblem
- Lokale forskarar ser på Abseron Yasaqligi (Apsheron-halvøya) (inkludert Baku og Sumqayit) og Kaspihavet som det økologisk mest øydelagde området i verda, på grunn av kraftig forureining av luft, vatn og jordsmonn. Forureininga av jordsmonnet kjem av omfattande bruk av DDT i tillegg til bruk av giftige defoilantar i bomullsproduksjonen.
- Internasjonale miljøavtalar
-
- Medlem av avtalar som omhandlar: Klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, tøming av avfall i sjøen, vern av ozonlaget
- Signert men ikkje stadfesta: Biologisk mangfald
[endre] Flatevidd og grenser
- Areal
-
- Totalt: 86 600 km²
- Land: 86 100 km²
- Vatn: 500 km²
- Merk: Dette inkluderar eksklavane Nakhitsjevan og Nagorno-Karabakh.
- Landegrenser
- Kystlinje
- 0 km (omgitt av land), men Aserbajdsjan har om lag 800 km kystlinje langs Kaspihavet.
- Høgd
-
- Lågaste punkt: Kaspihavet, 28 meter under havoverflata
- Høgaste punkt: Bazarduzu Dagi 4 485 m (på grensa mot Russland)
- Høgaste topp som ligg heilt innafor Aserbajdsjan: Shah Dagi 4 243 m
[endre] Øyar
- Bulla
- Çikil
- Çilov
- Gil
- Glinyanij
- Nargin
- Pirallahı
- Qara Su
- Qum
- Səngi Muğan
- Vulf
- Zənbil
[endre] Naturressursar og arealbruk
- Naturressursar
- Petroleum, naturgass, jernmalm, ikkje-jernhaldige metall, alumina, gull.
- Arealbruk
-
- Dyrkande jord: 18 %
- Permanente avlingar: 5 %
- Permanente beite: 25 %
- Skogområde: 11 %
- Andre: 41 % (1993 estimat)
- Irrigert land
- 10 000 km² (1993 estimat)
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Geography of Azerbaijan frå Engelsk Wikipedia.
|
|||
---|---|---|---|
Afghanistan • Armenia • Aserbajdsjan1 • Aust-Timor • Bahrain • Bangladesh • Bhutan • Brunei • Dei sameinte arabiske emirata • Filippinane • Georgia1 • India • Indonesia • Iran • Irak • Israel (sjå òg Palestinske område) • Japan • Jemen • Jordan • Kambodsja • Kazakhstan1 • Kina • Kirgisistan • Kuwait • Kypros • Laos • Libanon • Malaysia • Maldivane • Mongolia • Myanmar • Nepal • Nord-Korea • Oman • Pakistan • Qatar • Republikken Kina (Taiwan)) • Russland • Saudi-Arabia • Singapore • Sri Lanka • Syria • Sør-Korea • Tadsjikistan • Thailand • Turkmenistan • Tyrkia1 • Usbekistan • Vietnam •
1 Har signifikante område i Europa. |
|
|||
---|---|---|---|
Albania • Andorra • Armenia • Austerrike • Aserbajdsjan2 • Belgia • Bosnia-Herzegovina • Bulgaria • Danmark • Estland • Finland • Frankrike • Georgia1 • Hellas • Irland • Island • Italia • Kazakhstan1 • Kroatia • Kviterussland •Kypros2 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxembourg • Republikken Makedonia • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland • Noreg • Polen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1 • Tyskland • Ukraina • Ungarn | |||
Biland, sjølvstyre og andre landområde Abkhazia1 • Adjara1 • Akrotiri og Dhekelia • Færøyane • Gibraltar • Guernsey • Krim • Isle of Man • Jersey • Kosovo • Nagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1 • Åland |
|||
1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker. |