Europeisk geografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europa vert rekna som eit av sju kontinent, men fysisk er verdsdelen den nordvestlege halvøya av den større landmassen kalla Eurasia (eller Afrika-Eurasia). Asia utgjer den austlege delen av denne samanhengande landmassen (om ein ser bort frå Suezkanalen som deler Asia og Afrika), og alle deler den same kontinentalsokkelen. Uralfjella i Russland utgjer den austlege grensa mellom Europa og Asia. Den søraustlege grensa er derimot ikkje fastsett. Ofte vert elvane Ural eller Emba rekna som mogelege grenser. Grensa held fram mot Kaspihavet, og så vidare over Kaukasus (her er det òg uklart kor grensa går) og Bosporus, Marmarahavet og Dardanellane. Mange geografar reknar derimot dei sørlege grensene til Aserbajdsjan og Armenia mot Iran, og Tyrkia si sørlege grense mot Syria, Irak og Iran som grensa mellom Asia og Europa på grunn av politiske og kulturelle årsaker. Middelhavet skil Europa frå Afrika. I vest grensar Europa mot Atlanterhavet. Island, som ligg nærmare Grønland (Nord-Amerika) enn det europeiske fastlandet, vert rekna som ein del av Europa.
Det er ikkje alle som reknar Europa som eit kontient, fordi det ikkje er omgjeve av hav, og er meir kulturelt enn geografisk definert.
Dei to største landområda i Europa er «det europeiske fastlandet» og Skandinavia i nord, som er skild frå kvarandre av Austersjøen. Tre store halvøyar, den iberiske, den italienske og Balkan strekk seg sørover frå fastlandet og ut i Middelhavet.
Topografien i Europa er svært variert, ofte innafor små område. I hovudsak er dei sørlege områda fjellkledde, medan området nordover frå Alpane, Pyreneane og Karpatane gradvis går over i åslendt landskap og store låge sletter, som er vidstrekte i aust. Dei nordlege delane av Europa består hovudsakleg av meir høgareliggande område igjen, som startar vest på Dei britiske øyane og held fram langs fjella og fjordane i Noreg. Innimellom finn ein fleire platå og elvedalar, som bryt med den grove topografiske inndelinga nemnd over.
[endre] Geologi
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Europeisk geologi.
Geologien i Europa er svært variert og komplisert, og gjev opphav til svært mange forskjellige landskap over kontinentet, frå Dei skotske høglanda til dei bølgjande slettene i Ungarn
[endre] Elvar
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Elvar i Europa.
Viktige elvar i Europa:
- Volga 3 690 km
- Danube 2 860 km
- Ural 2 428 km
- Dnieper 2 290 km
- Don 1 950 km
- Petsjora 1 809 km
- Kama 1 805 km
- Oka 1 500 km
- Belaja 1 430 km
- Dnestr 1 352 km
- Rhinen 1 320 km
- Elbe 1 165 km
- Vistula 1 047 km
- Tagus 1 038 km
- Loire 1 012 km
- Ebro 960 km
- Sava, 933 km
- Seine, 776 km
- Po, 652 km
[endre] Innsjøar
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Innsjøar i Europa.
[endre] Store øyar
Island, Færøyane, Storbritannia, Irland, Isle of Man, Rockall, resten av Dei britiske øyane, delar av Azorane, Madeira, Balearane, Korsika, Sardinia, Sicilia, Malta, Dei joniske øyane, Kreta, Dei egeiske øyane, Åland, Gotland, Saaremaa, Hiiumaa, Jan Mayen, Kanariøyane og Svalbard
[endre] Sletter og lågland
- Den austeuropeiske sletta, det mest vidstrakte landskapet i Europa
- Den nordeuropeiske låglandet
- Den pannoniske sletta
- Meseta er eit høgt platå sentralt i Spania (dekkjer om lag 40 % av landet)
[endre] Fjellkjeder
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Fjellkjeder i Europa.
Nokre av dei store fjellkjedene i Europa er:
- Uralfjella, som deler Europa og Asia
- Kaukasus, som òg deler Europa og Asia.
- Karpatane, er ei stor fjellkjede i Sentral- og Sør-Europa
- Alpane, dei vidkjende fjella, kjend for sine praktfulle fjellsider
- Apenninane, som går gjennom Italia
- Dei skotske høglanda, kupert fjellområde i Skottland
- Pyreneane, den naturlege grensa mellom Frankrike og Spania
- Dei kantabriske fjella, som går på tvers av Nord-Spania
- Dei skandinaviske fjella, ei fjellkjede som går på langs av Den skandinaviske halvøya, inkludert Kjølenfjella.
[endre] Temperatur og nedbør
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Klima i Europa.
Dei høge fjellområda i Europa har lågare temperatur og meir nedbør enn dei lågareliggande områda. Europa har mindre nedbør i aust enn i sentrale og vestlege delar av Europa. Temperaturskilnaden mellom sommar og vinter aukar gradvis frå kystområda i vest til det søraustlege innlandet i Europa. Irland har ein temperaturskilnad på om lag 15 grader mellom vinter og sommar, medan områda nord for Kaspihavet har temperaturskilnadar på 70 grader.
[endre] Land utan kyst
- Luxembourg
- Andorra
- Vatikanstaten
- San Marino
- Republikken Makedonia
- Serbia
- Sveits
- Liechtenstein
- Austerrike
- Ungarn
- Tsjekkia
- Slovakia
- Kviterussland
- Moldova
- Armenia
- Aserbajdsjan
- Kazakhstan
[endre] Øystatar
[endre] Land som ligg i både Europa og Asia
[endre] Land der hovudstaden har landet sitt namn
[endre] Land der hovudstaden ikkje er den største byen
- Kazakhstan (hovudstad: Astana; største by: Almaty)
- Liechtenstein (hovudstad: Vaduz; største by: Schaan)
- Malta (hovudstad: Valetta; største by: Birkirkara)
- San Marino (hovudstad: San Marino; største by: Serravalle)
- Sveits (hovudstad: Bern; største by: Zürich)
- Tyrkia (hovudstad: Ankara; største by: Istanbul)
[endre] Liste over land etter talet land dei grenser til
- 14: Russland (Noreg, Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Kviterussland, Ukraina, Georgia, Aserbajdsjan, Kazakhstan, Kina, Mongolia og Nord-Korea)
- 9: Tyskland
- 8: Austerrike, Frankrike, Serbia, Tyrkia
- 7: Ungarn, Polen, Ukraina
- 6: Italia, Slovakia
- 5: Bulgaria, Kroatia, Romania, Sveits, Kviterussland, Spania, Kazakhstan
- 4: Belgia, Hellas, Albania, Republikken Makedonia, Montenegro, Slovenia, Tsjekkia, Latvia, Litauen, Georgia, Armenia, Aserbajdsjan
- 3: Finland, Noreg, Luxembourg, Bosnia-Hercegovina
- 2: Sverige, Nederland, Andorra, Liechtenstein, Estland, Moldova
- 1: Danmark, Irland, Storbritannia, Monaco, Portugal, Vatikanet, San Marino
- 0: Island, Malta, Kypros
[endre] Geografi etter land
|
|||
---|---|---|---|
Albania • Andorra • Armenia • Austerrike • Aserbajdsjan2 • Belgia • Bosnia-Herzegovina • Bulgaria • Danmark • Estland • Finland • Frankrike • Georgia1 • Hellas • Irland • Island • Italia • Kazakhstan1 • Kroatia • Kviterussland •Kypros2 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxembourg • Republikken Makedonia • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland • Noreg • Polen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1 • Tyskland • Ukraina • Ungarn | |||
Biland, sjølvstyre og andre landområde Abkhazia1 • Adjara1 • Akrotiri og Dhekelia • Færøyane • Gibraltar • Guernsey • Krim • Isle of Man • Jersey • Kosovo • Nagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1 • Åland |
|||
1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker. |
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Geography of Europe frå Engelsk Wikipedia.