Audnedal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1027 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Konsmo |
Flatevidd: | 254 km² |
Folketal: | 1556 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.audnedal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Tønnes Seland (BfA) 2003 |
Audnedal er ein kommune i Vest-Agder fylke. Audnedal er ein innlandskommune, som grensar til Aust-Agder fylke i nordaust. I nord grensar kommunen mot Åseral kommune, og i vest mot Hægebostad kommune. I sør er grensa mot Lyngdal og Lindesnes kommunar, og i aust mot Marnardal kommune.
I 1963 vart Konsmo og Grindheim kommunar og delar av Bjelland kommune slegne saman til Audnedal kommune. byd på godt fiske etter laks og sjøaure. Riksveg 460 går i elvedalen. Sørlandsbanen kryssar kommunen og Audnedal stasjon er stoppestad for fjerntog. Vest for stasjonen går banen gjennom Hægebostadtunnelen som er mellom dei lengste jernbanetunnelane i Noreg.
[endre] Folkesetnad
I 1875 hadde Audnedal etter kommunegrensene av i dag 2.159 innbyggjarar, det høgaste talet som er registrert. Innbyggjarrtalet gjekk jamt nedover fram mot den andre verdskrigen. I 1930 låg talet på 1622. Nedgongen hadde mellom anna samanheng med at ei rekkje heiegardar vart for tunge å driva. Minst 50 heiagardar i Audnedal vart avfolka i tida frå 1890 til 1940.
Mange utvandra til Amerika for å finna eit nytt utkome. Over 1.200 personar med “Undal” som bustad er registrert som emigrantar berre i åra frå 1877 til 1907. Truleg var det kring 2.500 personar frå Audnedalen som reiste over Atlanterhavet for kortare eller lengre lengre tid fram til andre verdskrig.
[endre] Historikk
Frå 1837 til 1843 vart Audnedal formannskapsdistrikt utgjort av Vigmostad, Konsmo, Spangereid og Valle.
I 1844 vart Vigmostad og Konsmo skild ut og danna Nord-Audnedal kommune. Samstundes vart Spangereid og Valle slegne saman til Sør-Audnedal kommune.
Bjelland og Grindheim kommune som var oppretta i 1837, vart delt i 1902 i Bjelland kommune og Grindheim kommune.
I 1910 vart Nord-Audnedal delt i Vigmostad kommune og Konsmo kommune.
I vart så Konsmo kommune slegen saman med Grindheim kommune og litt av Bjelland kommune til Audnedal kommune.
[endre] På verdsveven
|