Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Béla Bartók, (25. mars 1881–26. september 1945), ungarsk komponist.
I år 1900 byrja Bartók å studere ved musikkonservatoriet i Budapest, og etter 8 år vart han professor der. Han gifta seg med ein av elevane sine, og paret fekk ein son. Han skilde seg frå kona Marta i 1923, nokre år etter den første store suksessen sin, operaen Riddar Blåskjegg.
Bartok var svært interessert i folkemusikk og han vigde ein stor del av livet sitt til å studere den ungarske og rumenske musikktradisjonen. Han samla og gav ut om lag 2000 folkemelodiar. Bartok sin eigen musikk hadde òg sterk innverknad frå harmonikk og særskilde rytmar i folkemusikken.
I 1940 utvandra han til USA frå Ungarn, og slo seg ned i New York. I løpet av tida i Amerika, trass i dårlig helse og økonomi, skreiv Bartók det mest vidkjende verket sitt Konsert for orkester.
[endre] Sceniske verk
- 1911: Ridder Blåskjeggs borg. Opera i ei akt, urframført 1918
- 1914–1916: Treprinsen. Ballett, urframført 1917
- 1918–1919: Den mirakuløse mandarin. Ballett, urfamført 1926
[endre] Orkesterverk
- 1905: 2 suitar
- 1923: Dansesuite
- 1936: Musikk for strengeinstrument, slagverk og celesta
- 1939: Divertimento for strykeorkester
- 1943: Konsert for orkester
[endre] Konsertar
- 1905: Rapsodi for klaver og orkester
- 1907–1908: Fiolinkonsert, urframført 1958
- 1926: 1. klaverkonsert
- 1928-1929: 1. rapsodi for fiolin og orkester
- 1930–1931: 2. klaverkonsert
- 1935: 2. rapsodi for fiolin og orkester
- 1937–1938: Fiolinkonsert
- 1945: 3. klaverkonsert
- 1945: Bratsjkonsert
[endre] Kammermusikk
- 1908: 1. strykekvartett
- 1917: 2. strykekvartett
- 1921: 1. sonate for fiolin og klaver
- 1922: 2. sonate for fiolin og klaver
- 1927: 3. strykekvartett
- 1928: 4. strykekvartett
- 1928: 2 rapsodiar for fiolin og klaver
- 1931: 44 duettar for to fiolinar
- 1934: 5. strykekvartett
- 1937: Sonate for 2 klaver og slagverk
- 1938: Contrasts for fiolin, klarinett og klaver
- 1939: 6. strykekvartett
- 1944: Sonate for fiolin solo
[endre] Klaververk
- 1908: 14 Bagateller
- 1908: Für Kinder. 85 stykke etter ungarske og slovakiske songar
- 1911: Allegro barbaro
- 1913: 18 lette stykke
- 1915: 6 rumenske folkedansar
- 1915: Sonatine
- 1926: 9 små klaverstykke
- 1926: Im Freien (Szabadban)
- 1926: Sonate
- 1926–1937: Mikrokosmos. 153 stykke
[endre] Vokalverk
- 1912: Fire gamle ungarske folkesongar for blanda kor
- 1930: Cantata profana for dobbelkor, soli og orkester
- 1935: Frå gamle dagar for trestemt blanda kor