Den raude stjerna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den raude stjerna er eit sosialistisk og kommunistisk symbol bruka av svært ulike organisasjonar og styresmakter i fleire verdsdelar. Dei fem takkane på stjerna skal stå for dei fem fingrane såvel som for dei fem ibudde verdsdelane.
[endre] Tidlegare bruk

I Sovjetunionen blei den raude stjerna mellom anna bruka på soldatluene i Den raude armeen og på anna militært utstyr heilt frå tida etter revolusjonen i 1917. I det sovjetiske flagget fekk stjerna eit gult omriss for å synast på det raude flagget, attmed hammaren og sigden.
I Noreg i mellomkrigstida blei den raude stjerna bruka som merket til Arbeidernes Idrettsforbund (AIF).
Mange nye kommunistiske statar etter andre verdskrigen brukte òg stjerna i flagget sitt, på riksvåpen, på uniformar og på anna utstyr. Ettersom dei gjerne tok utgangspunkt i det raude flagget, var det like vanleg å ha stjerna i ein annan farge enn raud. Flagget til Nord-Korea og det tidlegare Jugoslavia har begge ei raud stjerne, medan Folkerepublikken Kina og Vietnam brukar gule stjerner, fordi flagga er raude.
[endre] Bruk i dag
Då Sovjetunionen og fleire andre kommuniststatar fall blei den raude stjerna avskaffa saman med andre kommunistsymbol. Somme land som framleis er leidde av parti som kallar seg kommunistiske brukar stjerna enno; såleis Kina, Vietnam og Nord-Korea. Etter at kommunismen fall er det i Ungarn blitt forbode å visa eller bruka symbolet.
Demokratiske sosialistparti har òg halde fram med bruken av den raude stjerna. I Brasil er ho til dømes partisymbolet til Arbeidarpartiet som blei stifta i 1980. President Lula (2002-) kjem frå dette partiet. I Noreg blir den raude stjerna idag mellom anna bruka av Sosialistisk Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti.