Frisisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frisisk (Frysk) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk Vestgermansk Vestnordisk Frisisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Nederland, Tyskland | |
Område: | Friesland, Nordfriesland, | |
Frisisktalande i alt: | 200 000 | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | - | |
Normert av: | Fryske Akademy | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | fy | |
ISO 639-2: | fry | |
ISO 639-3: | fry | |
SIL | FRI |
Frisisk høyrer til dei vestgermanske språka. Frisisk er utbreidd langs nordsjøkysten av Nederland og Tyskland, og blir tala av omlag 400 000 menneske.
Dei første skriftlege kjeldene stammar frå 800-talet, da det frisiske språket framleis vart sett på som del av det gammallågtyske språket.
Det frisiske språket som finst idag oppstod i løpet av 1400-talet, og er no oppdelt i tre dialektgrupper, som er så ulike at brukarane har vanskar med å skjøne kvarandre.
- Nordfrisisk blir tala i den tyske delstaten Schleswig-Holstein, på Amrum, Föhr, Sylt, Helgoland, Halligen og det nordfrisiske fastlandet. Av ca 164 000 nordfrisiske menneske talar no berre ca 10 000 nordfrisisk. Sidan 2004 har nordfrisisk amtspråkstatus i Nordfriesland og Helgoland. I den danske delen av det frisiske busetjingsområdet, i sørvest-Jylland, blir frisisk idag ikkje tala meir.
- Austfrisisk, i forma Saterfrisisk, blir tala i Saterland og Cloppenburg av mellom 1 000 og 2 500 menneske. I Ostfriesland sjølv er frisisk utdøydd. Det vart fortrengt av lågtysk (plattysk, nedertysk) og høgtysk på 1950-talet.
- Vestfrisisk blir tala i den nederlandske provinsen Friesland av omlag 440 000 menneske, av desse har ca 350 000 frisisk som morsmål. I Friesland er frisisk offisielt språk ved sida av nederlandsk.
[endre] Språkhistorie
Frå romerske historikarar som Plinius og Tacitus veit vi at det før vår tidsrekning fanst eit folk som vart kalla frisarar. Lovverket Lex Frisionum (802) fortel vidare om eit frisisk rike. Dei eldste tekstane ein kjenner til som er skrivne på frisisk, er frå 1200-talet, og er hovudsakleg lovtekstar, handskrifter og bryllaupsdikt. Det er omdiskutert kor vidt det frisisktalande området rakk, det vert stundom tala om kystområdet frå Brügge i Belgia til elva Weser i Nord-Tyskland. Det geografiske nedslagsfeltet vart av språksosiologiske grunnar snevra inn i seinmellomalderen. I 1289 vart styringa av det frisiske området i sør overteke av hollendarar, og deretter fall store delar av det frisiske området ifrå, og frisisk tapte terreng for nedertyske dialektar. Det området som heldt stand lengst, var det som i dag utgjer provinsen Friesland. Men på 1500-talet rakna òg det politiske sjølvstendet for Friesland, fyrst gjennom saksisk kontroll (1498), dinest gjennom fyrstehuset Habsburg (1524) og så gjennom Utrecht-unionen (1579).
Perioden frå 1500 til 1800 vert kalla mellomfrisisk tid, og avløyste gamalfrisisk tid. Vi finn lite skriftleg materiale frå mellomfrisisk tid. På landsbygda heldt folk fram med å tale frisiske dialektar, men i byane utvikla det seg ein blandingsvarietet av frisisk og nederlandsk, stedsfrysk (byfrisisk). Frisisk gjekk såleis gjennom eit statustap og domenetap. Reformasjonen gjorde at nederlandsk kom inn som kyrkjespråk, og det gjorde at òg den jamne frisar kom i kontakt med nederlandsk. Auka kontakt med Holland, særleg gjennom handel, spela òg ei viktig rolle. Trass i at skulemeisteren Gysbert Japicx (1603-1666) moderniserte frisisk som skriftspråk, låg det frisiske skriftlivet i dvale fram til 1800-talet.
Dagens frisiske skriftnormal spring ut av målreising på 1800-talet, med diskusjonar som gjekk tilbake til 1770-talet. På 1820-talet kom det såleis ut fleire vitskaplege arbeid om frisisk språk, og i 1827 vart det danna eit lag for å fremje granskinga av frisisk språk og historie, Friesch Genootschaap van Geschied-, Oudheid- en Talkunde. Ut frå innsamlinga av tradisjonsstoff oppstod det eit normproblem: Korleis skulle frisisk skrivast? Etter ein del strid samla frisarane seg om ei norm basert på eit framlegg frå Joast Hiddes Halbertsma (1789-1869). Han ville byggje skriftmålet mest mogleg på talemålet i samtida, ikkje på gamalfrisisk, og tok utgangspunkt i éin dialekt, klaai-frisisk. Den var mest utbreidd og minst påverka av nederlandsk, og hadde såleis mange gamle former òg.
Ei viss demokratisering av den frisiske målrørsla skjedde i 1844, då Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse vart skipa. Demokratiseringa vart sterkare mot slutten av 1800-talet, då det gjekk føre seg ei kopling mellom arbeidarrørsla og målrørsla. Viktig var innsatsen til Pieter Jelles Troelstra (1860–1930); han peikte på at språksituasjonen i Friesland verka sosialt diskrimerande: Bønder og arbeidarar som ikkje kunne formulere seg så godt på nederlandsk, greidde ikkje å hevde seg i samfunnsdebatten.
I mellomkrigstida var Jongfryske Mienskip (Ungfrisisk samfunn) dei fremste talsmennene for frisisk; dei formulerte eit program for å gjere Friesland meir sjølvstendig og frisisk meir utbreidd. På denne tida fekk den frisiske rørsla òg ei viss gjennomslagskraft blant folk flest.
På 1970- og 1980-talet skjedde ei viss revitalisering av den frisiske rørsla, då vart ho kopla til arbeidet for desentralisering og grøne verdiar. Rørsla har dei siste åra fått ein del gjennomslag for forsøk med tospråkleg undervisning, og set no sin lit til at frisisk kan haldast oppe gjennom ei medviten tospråklegheit. Viktig er dessutan institusjonalisering gjennom arbeidet åt provinsstyresmaktene og det frisiske akademiet, Fryske Akademy. Jamvel om frisisk og nederlandsk er offisielle språk i Friesland, og jamvel om alle elevar skal ha noko frisiskundervisning i skulen, er det likevel ikkje tale om språkleg jamstelling, heller ikkje i det offentlege. Frisisk har dessutan ein marginal posisjon i media og næringsliv.
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |