Hebridane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hebridane (engelsk: Hebrides) er ei øygruppe i Atlanterhavet nordvest i Skottland. Hebridane omfattar kring 500 øyar (kring 100 folkesette). Flatevidda er 7283 km² og innbyggjartalet kring 30000. Hebridane er inndelt i to grupper, dei indre og dei ytre Hebridane som er skilde av havstykket The Minch. Øyane er trelause og eignar seg godt for saueavl, som er øyane sin viktigaste næringsveg.
Dei som bur på Hebridane talar i all hovudsak skotsk gælisk, eit keltisk språk.
Hebridane tilhøyrde Noreg i vikingtida. Øygruppa vart då kalla Sudreyar (‘Sørøyane’ etter som øyane låg sør for Noreg). Hebridane kom under skotsk styre etter Perth-traktaten av 1266.
[endre] Kjende øyar
[endre] Ytre Hebridane
- Barra
- Lewis
- North Uist
- South Uist
[endre] Indre Hebridane
- Islay
- Mull Jura
- Skye
- Staffa
- Iona