Horats
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den romerske skalden Horats, eigentleg Quintius Horatius Flaccus, blei fødd i Venusia i Sør-Italia i år 65 fvt.
Han kom frå etter måten små kår, men fekk likevel god opplæring i gresk språk, filosofi og dikting. Etter å ha teke del i borgarkrigen på 40-talet f.v.t., fekk Horats stilling som skrivar i skattkammeret i Roma. Det var no han begynte å dikte på rett, etter mønster av greske dikt, men på latin. Han blei kjend med Vergil, Varius og Mæcenas, og den sistnemnde gav han ein gard aust for Roma, der Horats budde mykje av livet sitt.
Mæcenas var ein nær venn av Horats livet ut, og fleire av Horats sine dikt er stila til han. Etter borgarkrigen var slutt i år 31 fvt., var Augustus herskar i Romarriket. Han likte Horats godt, og ville gjere Horats til sin personlege sekretær. Men Horats takka høfleg nei, og dette blei godteke.
Horats er kanskje mest kjend for odane sine, og brevet om diktekunsten. Odar er lyriske dikt. Tre av samlingane med odar kom ut i år 23, og ei fjerde kom i år 13. Horats døydde i år 8 fvt., få dagar etter Maecenas.
Johannes Gjerdåker har gjendikta eit utval av Horats sine odar, og dei er gitt ut på Det Norske Samlaget.