Khantisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khanti (Ханти) |
||
Klassifisering: | Uralsk ugrisk obugriske språk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Russland | |
Område: | Khanty-Mansia | |
Khantitalande i alt: | 14000 (2002) | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | kyrillisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Khanty-Mansia | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | fiu | |
SIL | KCA |
Khanti (tidl. ostjakisk) er eit ugrisk språk i den uralske språkfamilien, som blir snakka i Khanty-Mansia i Vest-Sibir i Russland.
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing
I 1959 vart khantisk tala av 77 % av eit folketal på 19 410 khantar. I 1970 var tala 68,9 % av 21 138, i 1989 60,5 % av 28 678 og i 2002 48,8 % av 28 678.
[endre] Dialektar
Khantisk er eigentleg tre ulike språk (nord-, aust- og sørkhantisk), som kvar for seg er delt opp i svært mange dialektar.
[endre] Skriftspråk
Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på khantisk. Rett etter revolusjonen fekk khantisk, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.
[endre] Litteratur
- Honti, László 1984: Chrestomathia ostiacica. Tanköyvkiadó, Budapest.
- Honti, László 1988: Die Ob-Ugrische Sprachen. Sinor, Denis (ed.) The Uralic Languages. Leiden: E.J.Brill.
- Steinitz, Wolfgang 1950: Ostjakische Grammatik und Chrestomathie. Mit Wörterverzeichnis, Otto Harrasowitz, Leipzig.
- Steinitz, Wolfgang 1975: Ostjakologische arbeiten I, Mouton Publishers, The Hague - Paris - New York.
Ugriske språk |
khantisk | mansisk | ungarsk |