Lisboa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lisboa har vore Portugal sin hovudstad frå 1256. Den er den største byen i landet med sine 564 657 innbyggjarar (2001). Han ligg idyllisk til ved nordbredda av elva Rio Tejo (eller River Tagus). Byen ligg om lag 15 kilometer frå munninga av Rio Tejo, der elva renn ut i Atlanterhavet. Byen ligg fint til ut mot havet og klimaet er mildt og maritimt.
[endre] Historie
Under dei store portugisiske oppdagingsferdene og kolonisering vart Lisboa den største hamnebyen i Europa, ein posisjon byen mista under den spanske okkupasjonen i tida mellom 1580 og 1640.
Klokka 09.30 den 1. november 1755 vart byen ramma av tre kraftige jordskjelv. Mange menneske var samla til høgmesse i kyrkjene denne dagen og mange vart sperra inne i ruinane. Skjelva utløyste storbrann og ei flodbylgje øydela dei delane av byen som låg nærast Rio Tejo. Minst 13 000 menneske omkom.
Tapet av Brasil på byrjinga av 1800-tallet førde med seg meir tilbakegang for landet og for byen. Etter kvart har Lisboa utvikla seg til ein travel storby med handel og turisme.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |