Ljubljana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Ljubljana Foto: Kjetil Ree |
|||||
|
|||||
Lokalisering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Ljubljana på kartet over Slovenia | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Slovenia | ||||
Grunnlagd | 15 evt. | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
275 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2002) |
265 881 |
||||
Koordinatar | 46°03′″N, 14°30′″E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Telefon-retningsnummer | 01 | ||||
Bilnummer | LJ | ||||
Heimeside: www.ljubljana.si |
Ljubljana (tysk Laibach) er hovudstaden i Slovenia. Folketalet er 265 881 (2002). Byen ligg sentralt i Slovenia ved elva Ljubljanica, 10 kilometer frå denne elva sitt utløp i elva Sava.
Der dagens Ljubljana ligg låg det ein romersk koloni som heitte Emona. Denne vart øydelagd av hunarane i 452. Byen Ljubljana er første gong nevnt, under det tyske navnet Laibach, i 1144. Han fekk byrettar i 1220. I 1278 havna byen under habsburgsk styre, som mesteparten av Slovenia. I denne perioden var byen hovudstad i hertugdømmet Krain. Under napoleonskrigane var byen frå 1809 til 1813 hovudstad for dei franske Illyriske provinsane. Frå høgmellomalderen av var byen hovudsakleg folkesett av tyskarar, men utover 1800-talet auka andelen av slovenarar. Ved folketeljinga i 1880 utgjorde tyskarane ein minoritet på 23 % av folkesetnaden. Byen vart del av Serbarane, Kroatane og Slovenarane sitt kongerike i 1918, dette skifta navn til Jugoslavia i 1929. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av Italia og Tyskland. Ved opprettinga av den nye sosialistiske forbundsrepublikken Jugoslavia etter krigen vart Ljubljana hovudstad i delrepublikken Slovenia. Den tyske minoriteten i heile Slovenia vart fordriven på denne tida. Byen vart for første gong hovudstad i eit sjølvstendig land, då Slovenia braut ut av Jugoslavia 25. juni 1991.